Klekte ut kajakk-ide i koronatida
Edd Bjørke har bygd kajakkens svar på randonee-ski. No skal den ut i marknaden.
- Eg har sakna den kajakken eg har bygd no, seier padleentusiasten.
Edd Bjørke frå Ellingsøya kjøpte sin første kajakk for 18 år sidan og har berre blitt meir og meir hekta på padling etterkvart. Han er toppinstruktør i havpadling og det er spesielt leik i bølgjer og brot som er aller artigast.
Med jobb som tømrar og tre barn i familien er dagane fulle, men då koronapandemien kom og arrangement og sosial omgang var sett på vent, vart det brått tid til overs.
Ut i garasjen
Bjørke rulla ut papir på stovegolvet, teikna dei første skissene og gjekk så ut i garasjen for å bygge kajakken, som no straks er klar til produksjon.
Modellen Bjørke bygde er testa i bølgjene ved Alnes, som også har gitt namn til modellen «Alnes Ocean»
Det er ein knappe fire meter lang kajakk spesialbygd for surfing og kjappe manøvrar i bølgjene, men også med lasterom framme og bak.
Slik kan den også kan brukast til turpadling. Det er kajakkens svar på randonee-ski seier Bjørke, bygd for leik - og god på tur.
Ein god kajakk skal passe til kroppen, og det er spesielt viktig for ein kajakk til bruken Alnes Ocean er bygd for. Edd Bjørke planlegg å tilby den i tre storleikar, men med same lengde.
Fann allierte
Bjørke kan padling, utforming og å bygge ein kajakk. For å sette ideen om å lansere ein norskbygd eigendesigna kajakk i ein norsk og internasjonal marknad, har han alliert seg med fleire.
I jakta på hjelp til det økonomiske snakka Bjørke med Linda Hatmosøy og Bjørn Eilertsen.
Resultatet blei etableringa av Edge Kayak Design i fjor, med Bjørke (60%) Eilertsen (30%) og Hatmosøy (10%) som eigarar. Edge Kayak Design er selskapet som skal løfte kajakken ut i verda.
Dei tre eigarane har også med seg Anders Bjørnerem som styreleiar, som til dagleg er leiar i fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish- og sjølv padleentusiast.
Bjørnerem er optimist på kajakken og selskapet sine vegne. Får Edge Kayak Design ut marknadspotensialet som ligg i kajakken, må produksjonen skalerast opp.
Det vil kreve kapital, og Bjørnerem meiner det er investorar også på Nordvestlandet som vil vere med på eit slikt prosjekt.
Næringsteft-semifinalist
Edge Kayak Design er ein av dei 12 semifinalistane i Sparebanken Møre sitt gründerprogram «Næringsteft».
Der får deltakarane kunnskap om å etablere og utvikle ide og bedrift, og konkurrerer om førstepremien på ein million kroner.
Selskapet Easy Form i Måløy skal frese ut den såkalla pluggen, som blir brukt for å lage formene kajakkane skal støypast i.
Støypinga og monteringa av kajakkane skal gjerast hos selskapet Innofiber i Fredrikstad, materialet blir ulike komposittvariantar.
Neste steg no er å få ferdig ein del demonstrasjonskajakkar og få erfarne padlarar til å teste dei før den siste finjusteringa blir gjort. Deretter er produktet klart for marknaden. Klaffar alt kan dei første kajakkane vere klare for sal mot slutten av våren i år, seier Bjørke.
Publisert: 14.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 14.01.2023 01:33