(NPK-NTB-Tarjei Kramviken): Marknadsreguleringsutvalet leverte rapporten sin til landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) i dag, onsdag 24. juni. I rapporten er utvalet samrøystes i at marknadsreguleringa ikkje bør avviklast, men det delte seg i tre fraksjonar som kvar har tilrådd alternative modellar for framtida.
– Hovudskilja mellom alternativa går på den formelle makta til samvirka og faglaga. Eit anna går på behovet for ytterlegare konkurransepolitiske verkemiddel, og eit hovudskilje går på i kva utstrekning ein vil sleppe til marknadskreftene, seier utvalsleiar Erling Hjelmeng.
Marknadsreguleringa i jordbruket omfattar ordningar som for eksempel kvotar på kor mykje mjølk og kjøt bøndene kan produsere. Også dyrking av korn og poteter er omfatta av reglane, medan avling av kylling og kalkun ikkje er det.
Dei bondeeigde samvirka Tine og Nortura, som regulerer mjølke- og kjøtkvotane, meiner saman med Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag at nettopp samvirka bør behalde rolla som marknadsregulator.
– Evalueringsdelen er samrøystes med tydelege konklusjonar. Det er semje om behov for forandringar, særleg for å skape auka tillit til systemet og klarare reglar, seier Hjelmeng, som til dagleg er professor i konkurranserett ved Universitetet i Oslo.
– Dagens ordning er unik og ein suksess. Marknadsordningane er eit grunnlag for det landbruket vi har i dag, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes til NTB.
– Det er ei enkel, billig og ubyråkratisk løysing som er meir open enn dagens modell. Den imøtekjem behovet bonden har for sikker avsetning til stabile prisar. Dette vil også forbrukaren tene på, seier leiar Ann Merete Furuberg i Småbrukarlaget.
Det blir no opp til regjeringa og Stortinget å avgjere korleis konklusjonane til utvalet og dei ulike tilrådingane skal takast til følgje i praksis.
– Bakgrunnen for dette utvalet var at vi i Sundvolden-erklæringa sa at vi vil ha meir konkurranse i denne sektoren. Marknadsordningane har ikkje vore gjennomgått sidan 80-talet, og eg skal bruke litt av ferien på å lese denne, sa landbruksminister Listhaug etter at ho fekk rapporten. (©NPK)
– Hovudskilja mellom alternativa går på den formelle makta til samvirka og faglaga. Eit anna går på behovet for ytterlegare konkurransepolitiske verkemiddel, og eit hovudskilje går på i kva utstrekning ein vil sleppe til marknadskreftene, seier utvalsleiar Erling Hjelmeng.
Marknadsreguleringa i jordbruket omfattar ordningar som for eksempel kvotar på kor mykje mjølk og kjøt bøndene kan produsere. Også dyrking av korn og poteter er omfatta av reglane, medan avling av kylling og kalkun ikkje er det.
Tre fraksjonar
Tre utvalsmedlemmer støttar eit alternativ der Omsetningsrådet blir styrkt og rolla til dei tre samvirka blir redusert. Fire medlemmer vil ha ei marknadsbasert balansering, medan dei fire siste vil vidareføre ordninga frå i dag med nokre effektiviseringar og forenklingar.Dei bondeeigde samvirka Tine og Nortura, som regulerer mjølke- og kjøtkvotane, meiner saman med Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag at nettopp samvirka bør behalde rolla som marknadsregulator.
– Evalueringsdelen er samrøystes med tydelege konklusjonar. Det er semje om behov for forandringar, særleg for å skape auka tillit til systemet og klarare reglar, seier Hjelmeng, som til dagleg er professor i konkurranserett ved Universitetet i Oslo.
Glade bønder
Både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er glade for konklusjonane i rapporten.– Dagens ordning er unik og ein suksess. Marknadsordningane er eit grunnlag for det landbruket vi har i dag, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes til NTB.
– Det er ei enkel, billig og ubyråkratisk løysing som er meir open enn dagens modell. Den imøtekjem behovet bonden har for sikker avsetning til stabile prisar. Dette vil også forbrukaren tene på, seier leiar Ann Merete Furuberg i Småbrukarlaget.
Det blir no opp til regjeringa og Stortinget å avgjere korleis konklusjonane til utvalet og dei ulike tilrådingane skal takast til følgje i praksis.
– Bakgrunnen for dette utvalet var at vi i Sundvolden-erklæringa sa at vi vil ha meir konkurranse i denne sektoren. Marknadsordningane har ikkje vore gjennomgått sidan 80-talet, og eg skal bruke litt av ferien på å lese denne, sa landbruksminister Listhaug etter at ho fekk rapporten. (©NPK)
Publisert: 24.06.2015 15:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45