Margrethe Gangsoy Havfruen Maloy foto Ogne
FÅTT DET TIL: Medeigar og kjøkkensjef Anne Cecile Hegenes og kollegane har har hatt vekst kvart år sidan starten i 2020, og veks også i år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Utvidar etter kraftig vekst

Måløyrestaurant med vekst kvart år sidan starten.

31.05.2024

- Vi har hatt vekst heile vegen i fjor - og i år, seier dagleg leiar Margrethe Gangsøy i Havfruen Måløy.

Det som opphavleg var ein liten fiskebutikk med eit par bord i hamnekontorbygget i Måløy, har blitt kraftig utvida av restauranten Havfruen Måløy, der Gangsøy er ein av medeigarane.

80 middagsgjester innandørs, 45 under tak ute og ytterlegare 100 plassar utandørs har selskapet plass til - og kapasiteten har tid tider vore fullt utnytta, ifølgje Gangsøy.

I sitt første heile driftsår, i 2021, var inntektene 9,7 millionar kroner. I fjor var dei på 15,7 millionar, og med god lønsemd (sjå tabell under).

Kjøpte tidlegare restaurant
Den tidlegare største aktøren i restaurantbransjen i Måløy - Kraftstasjonen Restaurant & Kolonial - hadde på sitt beste 6,4 millionar kroner i driftsinntekt (2018), før drifta ebba ut.

No skal det på ny bli servering der, i regi av Havfruen Måløy-eigarane.

For nokre månadar sidan kjøpte dei bygget og planlegg å bruke det til sesongbasert severingsstad og møte- og selskapslokale, fortel Gangsøy.

Eig og driv
Gangsøy og ektefellen er medeigarar i Havfruen Måløy saman med Anne Cecilie Hegenes, Eline Steciuk-Gangsøy og Edwin Steciuk-Gangsøy. Alle er medeigare gjennom eige selskap, og med unntak av ektefellen til Gangsøy, arbeider alle i restauranten.

Ho seier det er kombinasjonen av mange faste kundar i Måløy og turistar som er årsaka til veksten.

Havfruen Måløy As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt15,412,9
Driftsresultat2,01,8
Resultat før skatt2,01,7

Publisert: 31.05.2024 05:00

Sist oppdatert: 31.05.2024 09:14

Mer om