Uvisse før våronna
Snart må Hegelin Waldal og Audun Skjervøy i Valldal avgjere om dei kan dyrke jordbær for fullt eller ei. Sesongarbeidarar frå utlandet er avgjerande for delar av norsk landbruk.
I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er femte artikkel.
Bær og frukt har hatt ein boom dei siste åra. Etterspørselen har gått opp, og med den produksjonen.
Ein kritisk faktor bak veksten er sesongarbeidarar frå Mellom- og Aust-Europa. Dei er og viktige for store deler av grønsaksproduksjonen, som og krev mange hender under planting og hausting.
Norges Bondelag har anslått at bøndene har rundt 20.000 sesongarbeidarar på lønningslista årleg.
I Valldal er det omlag 400 plukkarar, anslo dagleg leiar Harald Valle i Valldal Grønt til NETT NO i 2018. Dei første kjem i slutten av april, dei siste dreg i oktober, men hovudsesongen er i juli og august.
Hastar
Uvissa kjem på verst mogleg tidspunkt, like før våronna tek til for alvor.
I år er det uvisst både om nokon kjem, og eventuelt kor mange. Regjeringa har letta på regelverket når det gjeld innreise og opphald for å sikre at våronna og resten av sesongen ikkje går fløyten. Men det er framleis usikkert om nokon har lyst å reise hit i desse koronatider.
- Vi veit lite, seier Audun Skjervøy om korleis det blir med arbeidskraft i år. Han og ektefellen Hegelin Waldal driv med jordbær og poteter og har omlag 20 plukkarar tilsette i sesongen. Potetene kan dei klare ved hjelp av familien, men utan plukkarane får dei ikkje hausta jordbæråkrane.
Vil lokke nordmenn
Om det viser seg at tilgangen av sesongarbeidarar tørkar inn i år, må bøndene prøve å rekruttere norsk arbeidskraft.
Starttariffen for sesongarbeidar er 123 kroner timen. Det kan rett nok bli meir for ein rask plukkar, sidan løna og delvis er knytt opp til kor mykje som blir plukka, men ikkje nok til å rekruttere nordmenn. Det trur korkje Skjervøy eller Norges Bondelag.
- Det krev ei ordning med lønskompensasjon, seier Skjervøy.
Regjeringa sitt framlegg til løysing kom 2. april, der permitterte berre må rapportere inn løna for halvparten av timane dei arbeider i landbruket. Det gjer det økonomisk meir gunstig for folk som går på dagpengar å ta seg jobb i åkrane, fordi dei får behalde ein del av dagpengane. I tillegg er vilkåra rundt innreise og opphald letta på, for å ikkje hindre utanlandske sesongarbeidarar å kome hit.
Skjervøy meiner det gjenstår å sjå om utlendingane kjem, og om det eventuelt er råd å rekruttere norske arbeidskraft til det fysisk harde arbeidet jordbærplukking er - uavhengig av løna.
Varig endring
I slutten av april må Skjervøy og Waldal ha bestemt seg for omfanget av jordbærproduksjonen i år. Skal dei eldste jordbæråkrane pløgast om til potetåker eller grasproduksjon eitt år før tida, og jordbærproduksjonen takast ned? Og skal alle jordbæråkrane plukkast?
Ein jordbæråker må uansett stellast for å ikkje tape seg til neste år, men bæra kan overlatast til trasten for å spare lønskostnadene.
Korleis våronna blir og sesongen 2020 endar for bøndene som har basert mykje av drifta på innleigde sesongarbeidarar, gjenstår å sjå, men Skjervøy trur koronakrise vil sette varige spor.
- På kort sikt er det heilt openbert at veldig mange byrjar å tenke nytt om norsk landbruk. Folk ser kor sårbart samfunnet er når det kjem ei sånn krise som det her, seier han.
I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er femte artikkel.
Publisert: 12.04.2020 06:00
Sist oppdatert: 16.03.2021 13:09