NTB o3rpy Ud L9t I
MILLIARDFORLIS: KNM Helge Ingstad ved skadestedet i Øygarden etter at milliardfregatten forliste som følge av kollisjonen med Sola TS. Foto: Terje Pedersen / NTB
Nytt

Vaktsjefen dømd under dissens

60 dagars fengsel på vilkår for Helge Ingstad-vaktsjefen.

15.05.2023

(NPK-NTB-Snorre Schjønberg) Vaktsjefen som var på vakt då milliardfregatten Helge Ingstad forliste i 2018, er i Hordaland tingrett dømt til 60 dagars fengsel på vilkår.

Dommen vart avsagd under dissens. Meddommaren med bakgrunn frå Forsvaret tok dissens og meinte at vaktsjefen ikkje kunne klandrast for ulykka.

– Han tek dommen tungt og er skuffa over resultatet. Han meiner det er feilaktig å klandre han åleine for ulykka, fordi det er ei samansett årsak til ulykka, seier forsvararen til vaktsjefen, advokat Christian Lundin.

– Det vil bli vurdert grundig om dommen skal ankast. Vi skal gå gjennom dommen grundig og ta stilling til om han skal ankast, seier Lundin.

– Har det tøft
Den tidlegare vaktsjefen er den einaste som vart tiltalt for forliset. Han vart tiltalt for aktlaus å ha forårsaka sjøskade og brot på den militære straffelova.

– Han har ein veldig tøff periode no. Han prøver å ta vare på seg sjølv med bistand frå familien, men synest det er tøft, seier Lundin.

Forsvararen til vaktsjefen seier vidare at tingretten ikkje høyrde på argumenta deira om at det var ein systemsvikt i Forsvaret, og at fleire gjorde store feil den natta då alt gjekk gale.

– Vaktsjefen er skuffa over at tingretten ikkje ser den totale situasjonen og tek tak i alle elementa som forklarer korleis ulykka hende, seier Lundin.

Bad om dobbelt så lang straff
Då saka gjekk i Hordaland tingrett, bad aktoratet om 120 dagars fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år for mannen.

Aktoratet har argumentert for at den aktlause navigeringa til vaktsjefen var hovudårsaka til at Helge Ingstad kolliderte med tankskipet Sola TS natt til 8. november 2018.

Forsvararane viste i retten til at det vart gjort store feil både om bord i tankskipet og på sjøtrafikksentralen som hadde ansvaret for trafikken i Hjeltefjorden. I tillegg peika dei på systemfeil i Forsvaret.

Mareritt
Forsvaret har tidlegare akseptert ei føretaksstraff for forliset, medan reiarlaget bak tankskipet har inngått eit forlik.

I rettssaka forklarte vaktsjefen seg om forliset og sa at alle på brua fekk sjokk då dei plutseleg forstod at dei var på kollisjonskurs berre sekund før det smalt. Dei hadde gått ut frå at lysa dei såg frå Sola TS, var eit fast objekt på land.

– Dei minutta har eg tenkt på, drøymt om og hatt mareritt om fleire titusentals gonger, sa vaktsjefen i retten.

Helge Ingstad, det blir ein kollisjon det der
Sjøtrafikksentralen

Ikkje oversikt
I retten kom det fram at sjøtrafikksentralen ikkje hadde oversikt over Helge Ingstad då tankskipet fekk løyve til å leggje ut på ferd nordover. Samtidig var to andre fartøy også på veg nordover. Helge Ingstad var på full fart sørover midt mellom fartøya som gjekk i motsett retning.

Det var eit vaktbyte om bord på Helge Ingstad før kollisjonen. Det var ferdig klokka 3.53, då fartøya var seks kilometer frå kvarandre.

Klokka 3.58 slo Sola TS alarm:

– Veit du kva båt som kjem mot oss her? Han litt på babord, lydde oppkallet til sjøtrafikksentralen.

– Nei, det er ein eh. Vi har ikkje fått nokon opplysningar om han. Eh, han har ikkje rapportert til oss. Eg har berre eit ekko på skjermen her, svarte sjøtrafikksentralen.

To minutt før kollisjonen
Helge Ingstad hadde ein times tid tidlegare meldt seg til sjøtrafikksentralen. Fregatten var også synleg på radar, med unntak av ein kort periode mellom klokka 3.30 og 3.40. Likevel fekk Sola TS løyve til å leggje ut på ferda si.

Klokka 3.59 kom sjøtrafikksentralen på at det kunne vere Helge Ingstad. Dei kalla då opp fregatten.

– Er det du som kjem her no?

– Ja, det stemmer.

– Kraftig styrbord med ein gong.

Vaktsjefen på Helge Ingstad svarte då at han måtte vente til han hadde passert eit objekt han trudde han hadde ved si side.

Dei minutta har eg tenkt på, drøymt om og hatt mareritt om fleire titusentals gonger
Vaktsjef Helge Ingstad

1.000 meter unna: – Du må gjere noko
På dette tidspunktet var dei to båtane under 1.000 meter frå kvarandre.

Sola TS kalla opp fregatten:

– Sving styrbord viss det er du som kjem her.

Sjøtrafikksentralen gav også ei ny åtvaring.

– Helge Ingstad, du må gjere noko. Du byrjar å nærme deg veldig.På brua på Sola TS var det kaotisk. Lydopptak viser at ordren kraftig atterover vart gitt fleire gonger.

– Helge Ingstad, det blir ein kollisjon det der, sa sjøtrafikksentralen like før kollisjonen.

Helge Ingstad forliste etter kollisjonen og kunne ikkje bergast. Heile milliardfregatten gjekk tapt.

Publisert: 15.05.2023 11:44

Sist oppdatert: 15.05.2023 11:45

Mer om