Valde italiensk verft for norsk forskingsfartoey
FORSKNINGSSKIP: Norges nye polare forskingsskip vert 100 meter langt, 21 meter breidt og skal byggast i Italia.
Nytt

Valde italiensk verft for norsk forskingsfartøy

Rolls-Royce Marine leverer designet, men det er det italienske Fincantieri-verftet i Genova som fekk oppdraget med norges nye polarforskingsskip.

29.11.2013
Kontrakten vart signert i Oslo i dag. Det opplyser Havforskingsinstituttet på sine heimesider.
Monrad Hide, ansvarleg for spesialskip ved offshoreavdelinga til Rolls-Royce Marine seier at dette vert eit skip som Norge vil ha nytte av i mange tiår framover.
- Dette vert det desidert fremste forskingsskipet som Norge har hatt, og vi er stolte over at vi vart valde til å designe skipet.

Kompromiss

Hide seier at den endelege løysinga er eit resultat av fleire kompromiss.
- Her har vore mange aktørar inn i bildet, slik som forskarar ved Havforskingsinstituttet, Polarinstituttet og Universitetet i Tromsø. Alle har hatt sine spesielle ønskje og behov, men vi meiner vi har funne gode løysingar som tilfredsstiller dei ulike behova.
Les også: .
- Dette vert eit viktig skip for å overvake den økologiske utviklinga både i Arktis og Antarktis, seier Hide.

Tromsø-skip

Skipet vert isbrytande og får namnet «FF Kronprins Haakon». Skipet vert 100 meter langt og 21 meter breidt.
Norsk Polarinstitutt vert formell eigar av skipet og heimehamn vert Tromsø. Oppdragsgivar er den norske staten, og det har vore stort fokus på at eit slikt skip burde byggjast ved norske verft. Slik vart det ikkje.

1,4 milliardar

Kostnadsramma for prosjektet er på 1,4 milliardar kroner, og skipet skal skal etter planen leverast i andre halvdel av 2016. I starten av 2017 skal skipet vere klart for vitenskaplege tokt.
Finacienteri er eitt av dei største skipsbyggingskonserna i verda, og selskapet er også hovudeigar av Vard-konsernet.Les meir på Havforskingsinstituttet si heimeside

Publisert: 29.11.2013 18:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30