1 Brunvoll Toyo Vard Photo cred to Vard
BRUNVOLL-OPPDRAG: Den 150 meter lange kabelleggaren Vard byggjer for Toyo Construction blir utstryt med framdrift- og manøvreringsutstyr og system frå Brunvoll. Illustarsjon: Vard Design
Nytt

Vard-kontrakt for Brunvoll

Skal levere til kabelleggingsfartøy.

18.01.2024

Brunvoll-konsernet skal levere eit framdrift- og manøvreringssystem til kabelleggingsfartøyet Vard skal byggje for japanske Toyo Construction Co. Ltd. Kontrakten omfattar tre azimuth framdriftsthrusterar i akterenden av fartøyet, to tunnelthrusterar og ein inntrekkbar azimuth thruster i forskipet. Fartøyet får også Brunvoll sitt
kontrollsystem for framdrift og manøvrering, ifølgje ei pressemelding.

Storleiken på kontrakten i kroner er ikkje opplyst.

Brunvoll-konsernet fekk ein markert auke i orderinngangen i fjor, spesielt i andre halvår og auka bemanninga både i Molde og Volda.

Kabelleggaren Vard byggjer for Toyo Construction skal leverast i 2026. Skroget blir bygd i Romania og fartøyet blir utrusta ved eitt av Vard sine verft på Nordvestlandet.

Publisert: 18.01.2024 08:51

Sist oppdatert: 18.01.2024 08:51