Verfta fyller ordreboka
I løpet av ein månad har norske skipsverft fått oppdrag for 2,5 milliardar kroner
Hittil i år er det inngått kontraktar om bygging av 25 skip ved norske skipsverft.
Den nyaste kontrakten blei offentleggjort onsdag, då Myklebust Verft fortalde at verftet skal bygge ein pelagisk trålar for skotske Sunbeam Fishing Limited.
Også Ulstein Verft kom nyleg med melding om ei stor nybyggingkontrakt .
Ved inngangen til september i år viste ordrestatistikken til sal- og marknadsorganisasjonen Norske Skipsverft 22 nybyggingskontrakter for til saman 8,5 milliardar kroner.
Auka aktivitet
No er ordreinngangen oppe i 25 skip og samla verdi av kontraktane har auka til 11 milliardar kroner.
Etter eit relativt roleg 1. halvår med ei samla kontraktsmengde tilsvarande nær åtte milliarder kroner, har vi etter sommaren sett større aktivitet i marknaden, skriv administerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft i ein e-post til NETT NO.
Betra lønsemd
Store underskot hos Vard gjorde at skipsverfta også i fjor gjekk i minus samla sett. Klikk på lenka under artikkelen for å lese ei oversikt over korleis det gjekk med norske skipsverft i fjor.
Men bransjen betrar lønsemda, også når Vard vert halde utanfor reknestykket.
I 2020 gjekk 12 av selskapa i NETT NO si oversikt i minus. I 2021 var det ni og i fjor var det åtte.
Publisert: 05.10.2023 09:24
Sist oppdatert: 25.10.2023 13:16