Varmare hav er ikkje bra for oppdrettslaksen
Nytt

Varmare hav er ikkje bra for oppdrettslaksen

Forskarar har sett på korleis klimaendringar kan påverke norsk lakseoppdrett dei neste 50 åra. Fisken kan døy når det blir for varmt.

15.11.2019
NPK: Oppdrettslaks likar seg best når sjøtemperaturen er mellom 8 og 14 grader. Når vatnet er varmare enn 16 grader blir laksen stressa, et mindre og veks seinare. Når sjøtemperaturen går over 23 grader kan laksen døy, fortel matforskingsinstituttet på nettsidene sine.
Havtemperaturen utanfor norskekysten har i snitt auka med ei varmegrad sidan 1980-talet. Menneskeskapte klimaendringar vil halde fram med å varme havet dei neste tiåra. Dette er altså dårleg nytt for oppdrettslaksen.

Marin heitebølgje

I oktober blei fleire oppdrettsanlegg i Canada ramma av ei marin hetebølgje som tok livet av to millionar laks i sjøen.
– Liknande situasjonar kan oppstå i Noreg også. Vi må vite meir om biologien til fisken slik at havbruksnæringa kan tilpasse seg klimaendringane best mogleg, seier Nofima-forskar Elisabeth Ytteborg.
Ho har analysert temperaturutviklinga i alle oppdrettsregionane i Noreg fram mot 2070 i forhold til kva laksen toler av temperatur.

Store kunnskapshol

I framtida kan varmare hav avgrense produksjonen ved fleire norske oppdrettsanlegg, særleg i sør, ifølgje Ytteborg.
Men forskaren har funne store hol når det gjeld kunnskap om laksebiologi og tilgjengelege data.
– Vi veit framleis for lite om korleis oppdrettslaks vil reagere på høgare temperaturar, surare vatn og mindre oksygen for å kunne fastslå kva for tiltak som bør setjast i verk, seier ho.

Publisert: 15.11.2019 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44