Varslar stor vekst paa datalagring
PLASS TIL VEKST: Ivar Driveklepp leiar Tussa IKT, det nest største dotterselskapet i Tussa-konsernet. I dag opnar han nytt datasenter til 38 millionar kroner.
Nytt

Varslar stor vekst på datalagring

Kraftselskapet Tussa satsar 32 millionar kroner på datalagring.

27.02.2015
Tussa siktar mot å mangedoble salet av datalagringstenester med sitt nye datalagringsanlegget ved hovudkontoret i Hovdebygda i Ørsta.
Dagens kundar vil berre bruke 33 prosent av kapasiteten i første byggetrinn i anlegget, og selskapet har allereie planane klar for ei utviding av hallarealet med 70 prosent.
Første byggetrinn består av to datahallar på til saman 210 kvadratmeter. Neste trinn er ei utviding til 360 kvadratmeter.

Kundar i regionen

I dag har Tussa 168 kundar, dei fleste frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. 60 av kundane har serverane (store datamaskiner) sin hos Tussa sitt datalagringsanlegg, resten har serverane ståande hos seg sjølve, medan Tussa står for drifta.

Varmegjenvinning

Datalagringssenter er energislukande anlegg, først og fremst på grunn av behovet for kjøling av dei store datamaskinene.
For å utnytte overskotsvarmen har Tussa installert eit varmegjenvinningsanlegg, og vil nytte varmen til å vame opp Tussatun, hovudkontoret i selskapet.
Med dagens kundemasse vil anlegget gi nok varme til å dekkje 70 prosent av oppvarmingsbehovet for Tussatun. Blir datalagrinsanlegget utvida til full kapasitet vil varmeproduksjon bli fire gongar større enn Tussa treng til eige bruk. I så falle er målet å selje varme til bygningar i nærområdet.

Nest største selskap

Tussa IKT har omlag 50 tilsette, og målt i arbeidsplassar er det det nest største dotterselskapet i Tussa-konsernet. (Konsernet har 240 tilsette).
I tillegg til å drive datalagringssenteret har Tussa IKT og ansvarert for breibandutbygginga i Tussa-regi.

Publisert: 27.02.2015 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41