Vedtar truleg fusjon med Haram
Næringsforumet går etter planen inn som undergruppe i Næringsforeningen Ålesundregionen.
Måndag skal generalforsamlingane i Næringsforeningen Ålesundregionen og Haram Nærings og Innovasjonsforum ta stilling til om dei skal fusjonere.
Begge generalforsamlingane må vedta forslaget med to tredels fleirtal.
Foreningane gjekk i allianse i fjor med sikte på ei samanslåing.
Trass i at det seinare er bestemt at Haram vil skilje lag med Ålesund
kommune, har næringslivet bestemt seg for at dei er best tent med ei
samanslåing.
– Dette er spennande og viktig for at vi skal bli ein sterkare organisasjon. Med eit mangfald av kompetanse, vil det bli meir bredde i aktiviteteane, seier Lene Trude Solheim, administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundregionen, til NETT NO.
Bransjegruppe for nordre
Haram Nærings og Innovasjonsforum blei etablert i 1992 som Haram Næringslag. I 2005 såg Haram Innovasjonsstudio dagens lys - og dei gjekk saman med næringslaget i 2013.
Dei held til i kompetanseparken i sentrum av Brattvåg. Etter planen skal foreininga slettast og innlemmast i Ålesund-organisasjonen etter fusjonen.
– Vi jobbar for å opprette ei eige bransjegruppe for nordre delen av regionen, slik vi har organisert bransjegruppe for havbruk og U37-nettverket. Dei vil då ha eigen prosjektleiar og ressursgruppe som er med å planlegge aktivitetetane, fortel Solheim.
Meir ressursar til aktivitetar
Målet med samanslåinga er at dei skal gjere ein betre jobb for medlemmane i begge organisasjonane.
– Med ein dagleg leiar i 20 prosent stilling og ei prosjektstilling har Haram vore sårbare. Med den nye organiseringa kan ein få nytta meir ressursar til aktivitetar, seier Solheim.
Til saman er dei nå kring 330 medlemmar fordelt på 265 i Ålesund og nærare 65 i Haram.
God vekst og jubileum
10. november kan også Næringsforeningen Ålesundregionen feire 175 år med jubileumsfest på Parken-hotellet. Medlemmane er bedne inn til eit lett program, underhaldning og festmiddag for å markere jubileet.
Solheim fortel at ålesundforeininga har opplevd god vekst dei siste åra.
– Vi fekk kring 30 nye medlemmar i fjor, og like mange så langt i år, seier ho.
Publisert: 27.10.2022 10:33
Sist oppdatert: 27.10.2022 14:07