Lene trude solheim foto marius
VIL GÅ SAMAN: Administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen vil slå seg saman med Haram Nærings og Innovasjonsforum. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kommuneskilsmisse stoppar ikkje næringsallianse

Næringsforeningene i Ålesund og Haram vil framleis slå seg saman.

Marius Rosbach
23.08.2022

Trass i at Haram og Ålesund kommune skiljer lag, held arbeidet fram med å slå saman næringsforeiningane i dei to kommunane. Etter generalforsamlingar i sommar er det klart at målsettinga om å gjennomføre ei samanslåing frå årsskiftet står fast.

– Vi held fram alliansearbeidet. Den klare meldinga frå våre medlemsbedrifter er at dei ikkje ser på kommunegrenser, fortel administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen til NETT NO.

Solheim påpeiker at ein rekke bedrifter både har tilsette frå ulike kommunar, og har avdelingar i ulike kommunar i regionen.

– Ønsker at vi skal bli ein felles organisasjon
Som kjent blir Haram kommune skilt ut frå storkommunen Ålesund som følgje av folkerøystinga tidlegare i år. Næringsforeiningane følgjer altså ikkje komunane sitt eksempel og held fram planane om samanslåing, som blei lansert i fjor.

– Begge ønsker at vi skal bli ein felles organisasjon. Vi tenker å halde fram med sterke arrangment som Haramskonferansen og aktivitetar i den nordre delen av regionen, seier Solheim.

Næringsforeningen i Ålesund er i dag fire tilsette, medan næringsforumet i Haram har ein tilsett.

Med fleire å spele på, er tanken at dei både forsterkar kvarandre og blir mindre sårbare. I desse dagar jobbar dei med å sjå på korleis dei skal «rigge seg» framover, legg Solheim til.

Første Gath-konferanse i september
Næringsforeininga i Ålesund har ein rekke arrangement på tapetet i løpet av hausten. Høgdepunktet kjem kanskje 10. november då dei feirar 175 år – og kring 50 nye medlemar dei siste par åra.

Gath-konferansen 6.-8.september er det første større arrangement i kalenderen til Solheim. Då vil fleire hundre deltakarar frå teknologibedrifter og andre selskap knytt til havbruksnæringa samlast i Ålesund.

Det er nettverket Global Aquaculture Tech Hub (GATH), som arrangerer konferansen, medan næringsforeningen er leigd inn som ressurs og samarbeidspartnar. Konferansen som blir arrangert for første gong i år, vil også ha ein eigen studentdel og deltakarane vil møte ein rekke bedrifter frå
regionen undervegs.

Ny runde med talentprogram
Utviklingsprogrammet Talent Sunnmøre som blei starta i fjor, held fram i haust med kring 25 deltakarar – nokre fleire enn i oppstartsåret.

– Talent Sunnmøre blei starta opp fordi mange bedrifter etterspurte eit slikt program, og vi fekk bra tilbakemeldingar i fjor. Det passar godt for nye tilsette i regionen, og for dei som ønsker litt fagleg påfyll, samtidig er det eit opplegg med personleg utvikling, fortel Solheim.

Det er seks samlingar i løpet av det komande året og den første er i Ålesund 20. og 21. september.

Nettverkstreff for U37-gruppa, Byggebørsen, Eksportnettverket og samling for havbruksgruppa er andre arrangement i regi av næringsforeininga i haust. I tillegg blir det planlagt ein rekke frukostmøter med ulike aktuelle tema.

Publisert: 23.08.2022 14:58

Sist oppdatert: 24.08.2022 10:56

Mer om