NTB R8 WV Qty Q Gw 1
GODT FORNØGD: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er glad inntektsulikskapen i Noreg blei mindre i 2023. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK
Nytt

Vedum kritiserer kritikarane

Finansministeren åtvarar mot å snakke ned Noreg og norske bedrifter.

17.01.2025

(NPK-NTB-Steinar Schjetne): Lønningane aukar, ulikskapane minkar og overskotet til bedriftene når nye høgder, påpeikar finansministeren. Han er kritisk til elendebeskrivinga.

– Overskota i bedriftene går opp, ikkje ned. Dei auka samla med 100 milliardar kroner frå 2021 til 2023. Då synest eg vi skal erkjenne det og gle oss over det og ikkje snakke Noreg og norske bedrifter ned, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NTB.

Han er kritisk til røyndomsbeskrivingane til delar av den politiske opposisjonen. Vedum framhevar dessutan at regjeringa ser ut til å lykkast med målet om å redusere sosiale ulikskapar i ei dyrtid som har vore tøff for svært mange.

– Viss ser bort frå effekten av at det har komme mange flyktningar frå Ukraina, ville ulikskapen vist ein endå større nedgang, seier han.

Auka investeringar
Han peikar på fleire positive utviklingstrekk så langt i sin periode som finansminister:

* Lønnstakarar hadde i fjor den største reallønnsauken på elleve år, delvis på grunn av at personfrådraget er meir enn dobla under den sitjande regjeringa.

* Pensjonistane hadde ein særleg sterk inntektsauke etter at regjeringa endra reglane for regulering av pensjon.

* Investeringane i fastlandsbedriftene går opp og ikkje ned, overskota aukar og det har vore «veldig bra eksport» frå fastlandsbedriftene.

* Ulikskapane i inntekt fall frå 2022 til 2023, og vi må tilbake til 2014 for å sjå lågare ulikskap målt ved Gini-koeffisienten.

– Store og aukande sosiale forskjellar er konfliktskapande i eit samfunn. Derfor er det veldig gledeleg at inntektsulikskapen har falle i Noreg. Det er ulikskapar i Noreg òg, men dei er mykje mindre enn i mange andre land, poengterer Vedum.

Lågare skattetrykk
Han byggjer store delar av argumentasjonen sin på ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dei viser at realinntekta i hushalda auka med 2 prosent i 2023, sjølv om prisveksten nådde heile 5,5 prosent.

Lønnsinntektene har isolert sett auka omtrent på nivå med prisveksten, men større rente- og personfrådrag førte til at mange fekk lågare skattetrykk i 2023 enn i 2022.

For hushald med små barn, og særleg blant einslege forsørgjarar, bidrog dessutan auka barnetrygd til inntektsveksten.

– Auka rentefrådrag speglar at renteutgiftene har auka kraftig. Eg skulle gjerne sett at folk flest sleppte akkurat den delen, men vi har bidrege til lågare skattetrykk med lettar på til saman nesten 11 milliardar kroner på inntektsskatten, seier Vedum.

27 milliardar i auka skatt
Berekningar frå Finansdepartementet viser at Støre-regjeringa har auka skattane og avgiftene med 27 milliardar kroner i perioden 2021–2025. Lettane i inntektsskatten er nesten i sin heilskap dekte inn av auke i formuesskatten.

Formuesskatten har auka med 10,3 milliardar kroner. Grunnrenteskattane har auka med 16 milliardar kroner. Samtidig er utbytteskatten auka med 6,3 milliardar kroner, medan inntektsskatten er kutta med 10,5 milliardar kroner.

– Vi må leggje igjen den generelle svartmålinga av investeringar i Noreg. Dei er på veg opp og er i snitt høgare enn under Venstre, Frp og Høgres politikk. Og så har vi gitt dei store skatelettane til folk med lågare og middels inntekter, sa Vedum under skattediskusjonen i Stortinget onsdag.

Høgre kritisk
Regjeringa har herja med norsk næringsliv, frå Lindesnes i sør til Hammerfest i nord i tre år, meiner næringspolitisk talsperson Nikolai Astrup i Høgre.

– Dei har lagt seg ut med dei som driv med vindkraft, havbruk, vasskraft. Dei har lagt seg ut med bedriftseigarar som stemmer med føtene og forlèt landet, og dei har lagt seg ut med gründerar som gjer opprør, sa Astrup til NRKs Politisk kvarter torsdag morgon.

Finanspolitisk talsperson for Høgre Tina Bru, er usamd i at dei driv med ein svartmålingskampanje.

– Støre-regjeringa har kravd inn 120 milliardar kroner meir i skatt i sin periode. Skatteaukane har skjedd på ein heilt uføreseieleg måte, med mellombelse skattar, skattar med tilbakeverkande kraft og skattar som blir endra i siste liten, sa Bru onsdag.

Publisert: 17.01.2025 08:43

Sist oppdatert: 17.01.2025 09:10

Mer om