- Også vi merkar nedturen innanfor olje og offshore, men heldigvis har vi andre område som klarer seg godt, seier konsernsjef Stig Ulstein.
Konsernet gjekk på ein smell i fjor med eit resultat før skatt på minus 23,1 millionar kroner, og ein svikt i omsetninga på 76 millionar kroner frå året før (sjå tabell).
Mellom anna tok ein nedskriving på 8,9 millionar kroner i oljeserviceselskapet Penetrators, ein hadde høge prosjektkostnader til utvikling av prototyper, la bak seg to større garantisaker og hadde i tillegg restruktureringskostnader.
- Med unntak av eitt dotterselskap, ser 2015 betre ut. Vi har også ein god ordreserve for fleire av selskapa, seier Ulstein.
- I Dubai er det no 35 tilsette, og det aukar fort på med oppdrag innanfor skipsservice. I tillegg er selskapet agentar for ei rekkje norske og utanlandske selskap.
Også Singapore-satsinga går bra, og konsernet har nyleg også etablert seg i Houston, begge deler innanfor skipsservice og agentur.
- Målet er å vekse, men mykje av veksten vil nok skje i utlandet, seier Ulstein.
Sjølv om den største organiske veksten vil skje i utlandet, seier Ulstein at det uansett skal satsast for full tyngde også i Norge, men der ein gjennomgår strukturen for optimalisere drifta og kutte kostnader.
- Dei store arbeidskrevjande prosessane vil i stor grad foregå i utlandet, medan utvikling, montering og testing vil skje i Norge.
- Vi meiner at det er mykje å hente på automatisering og robotisering, og vil setje i verk tiltak på dette området.
- Ja, dette er noko vi ser på. Vi har vakse fort gjennom oppkjøp, og det er ikkje slik at dagens struktur vil vare for alltid.
- Ja, 2015 vil verte eit bra år for Pyro. Då vi overtok selskapet i 2008 var det mange småordrar, typisk på nokre hundre tusen kroner. No med integrerte systemløysingar snakkar vi gjerne om fleire millionar kroner.
- Selskapet leverer til alt frå offshorefartøy, til brønnbåtar, fiskebåtar og forskings- og handelsfartøy.
Borgstein og fleire andre frå Ulstein-familien er også aksjonærar.
Konsernet hadde ved årsskiftet ei samla gjeld på 309 millionar kroner og ein eigenkapital på 147 millionar kroner.
- Det er eit stygt uvêr som rammar deler av industrien. Vi vil sjå at bedrifter går over ende, og at det vil skje konsolideringar.
- Men i ein vanskeleg marknad finst det også mulegheiter. Vi meiner at vi med dei grepa vi har gjort, vil vi stå oss bra gjennom dette uvêret.
Konsernet gjekk på ein smell i fjor med eit resultat før skatt på minus 23,1 millionar kroner, og ein svikt i omsetninga på 76 millionar kroner frå året før (sjå tabell).
Store eingangskostnader
Ulstein seier at 2014 var altfor dårleg, men bak tala skjuler det seg også ei rekkje eingangskostnader.Mellom anna tok ein nedskriving på 8,9 millionar kroner i oljeserviceselskapet Penetrators, ein hadde høge prosjektkostnader til utvikling av prototyper, la bak seg to større garantisaker og hadde i tillegg restruktureringskostnader.
- Med unntak av eitt dotterselskap, ser 2015 betre ut. Vi har også ein god ordreserve for fleire av selskapa, seier Ulstein.
Dubai-suksess
I tillegg er Ulmatec inne i ei rekkje selskap som ein eig 50,0 % eller mindre av, og som ikkje er med i konsernrekneskapet. Fleire av desse selskapa leverer gode tal, ikkje minst Ulmatec Eiendom, Gas & Dieselpower på Spikkestad og Ulmatec Services i Dubai.- I Dubai er det no 35 tilsette, og det aukar fort på med oppdrag innanfor skipsservice. I tillegg er selskapet agentar for ei rekkje norske og utanlandske selskap.
Også Singapore-satsinga går bra, og konsernet har nyleg også etablert seg i Houston, begge deler innanfor skipsservice og agentur.
- Målet er å vekse, men mykje av veksten vil nok skje i utlandet, seier Ulstein.
Kuttar kostnader
I Norge er det rundt 300 tilsette under Ulmatec-paraplyen, med Herøy-baserte Ulmatec Baro, Søvik-baserte Ulmatec Pyro, Hareid-baserte Ulmatec Handling Systems og Herøy-baserte Ulmatec Skipsservice som dei største dotterbedriftene.Sjølv om den største organiske veksten vil skje i utlandet, seier Ulstein at det uansett skal satsast for full tyngde også i Norge, men der ein gjennomgår strukturen for optimalisere drifta og kutte kostnader.
- Dei store arbeidskrevjande prosessane vil i stor grad foregå i utlandet, medan utvikling, montering og testing vil skje i Norge.
- Vi meiner at det er mykje å hente på automatisering og robotisering, og vil setje i verk tiltak på dette området.
Opnar for sal
Ulstein seier at ein også er open for å selje ut deler av verksemda.- Ja, dette er noko vi ser på. Vi har vakse fort gjennom oppkjøp, og det er ikkje slik at dagens struktur vil vare for alltid.
Planlegg utviding i Haram
Dotterselskapet Ulmatec Pyro står ikkje på noko salsliste. Haram-selskapet kan derimot stå føre ei ny utviding.- Ja, 2015 vil verte eit bra år for Pyro. Då vi overtok selskapet i 2008 var det mange småordrar, typisk på nokre hundre tusen kroner. No med integrerte systemløysingar snakkar vi gjerne om fleire millionar kroner.
- Selskapet leverer til alt frå offshorefartøy, til brønnbåtar, fiskebåtar og forskings- og handelsfartøy.
Ulstein-kapital
Stig Ulstein er gjennom selskapet Ulmar største aksjonæren i Ulmatec med 26,5 prosent av aksjane. Selskapet vart starta etter salet av Ulstein-konsernet, der medlemane av Ulstein-familien fekk frigjort mykje kapital.Borgstein og fleire andre frå Ulstein-familien er også aksjonærar.
Konsernet hadde ved årsskiftet ei samla gjeld på 309 millionar kroner og ein eigenkapital på 147 millionar kroner.
- Stygt uvêr
Stig Ulstein ser mulegheiter, sjølv i dagens marknad.- Det er eit stygt uvêr som rammar deler av industrien. Vi vil sjå at bedrifter går over ende, og at det vil skje konsolideringar.
- Men i ein vanskeleg marknad finst det også mulegheiter. Vi meiner at vi med dei grepa vi har gjort, vil vi stå oss bra gjennom dette uvêret.
Det er eit stygt uvêr som rammar deler av industrien. Vi vil sjå at bedrifter går over ende, og at det vil skje konsolideringar
Publisert: 23.09.2015 06:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46