Krillmobile foto Aker Qrill Company
DRONEFLÅTE: Innan få år tek Aker Qrill Company sikte på å ha ein drone til kvart av skipa sine - i tillegg til ein drone som kan overvake større områder på eige hand. Foto: Aker Qrill Company
Nytt

Vil ha flåte med dronar for å leite etter krill

På sikt skal alle Aker Qrill sine fartøy vere utstyrt med kvar sin autonome «speidar».

Marius Rosbach
04.03.2026

Aker Qrill Company har i fleire år jobba med å utvikle dronar til bruk i krillfiske. 

I løpet av dei siste par åra, har dei teke store steg mot målet om at kvart fartøy skal vere utstyrt med eit lite overflatefartøy som skal «speide» etter krill over store områder. 

– Slik kan fiskebåtane våre vere der forholda til ein kvar tid er best for fiske. Samtidig mottar dei informasjon frå dronane som fortel kvar det er størst moglegheiter for meir fangst, fortel Sindre Skjong som er prosjektansvarleg i Aker Qrill Company, til Nett No. 

Onsdag vil deltakarane på Ship Technology Days i Ulsteinvik får høyre meir om arbeidet som eigentleg har gått føre seg i ein årrekke. 

Kring 100 deltakarar deltek på konferansen som blir arrangert av Blue Maritime Clüster og Ulstein Næringsforum.

Planlegg flåte med fem dronar
Aker Qrill har tre skip per i dag, og ventar å få sitt fjerde levert i løpet av 2026. Skjong fortel at dei planlegg å ha fem dronar til saman – ein til kvart skip – og ein som kan nyttast til lengre tokt. 

– Vi jobbar for at dette skal vere på plass i 2027. Samtidig er arbeidet under konstant evaluering ut frå erfaringane vi gjer oss, påpeiker han. 

Dei har også utvikla ein plattform kalla KrillViz for å logge data frå alle fartøya i flåten og andre fartøy for å få betre oversikt over fangstforholda. I tillegg til eigne historiske og tilgjengelege datakjelder i sanntid, har plattformen ein prediksjonsmodell. 

– Då kan vi klikke på slepestreket for å sjå korleis ting såg ut på tidspunktet, eller klikke på sjølve fartøyet for å få live-data, legg han til.

Antarctic Provider Aantarctic Endurance foto Aker qrill company
KRILLSKIP: Aker Qrill Company har tre skip i flåten - og reknar med å få levert sitt fjerde skip til flåten i løpet av året. Her er fartøya Antarctic Provider og Aantarctic Endurance. Foto: Aker Qrill Company

Sjøsette første drone i 2017
I 2017 sjøsette Aker Qrill Company si første drone som hadde segl, straum frå solceller og ekkolodd. Då hadde ideen om å ha eit mindre fartøy til å leite etter krillen, allereie vore lansert for kring ti år sidan av operasjonssjef Frank Grebstad som då var seglande kaptein i selskapet.

– Då fekk vi grovkorna ekkoloddbilde sendt til båten via satellittnettverk Iridium og vi lærte masse. Undervegs jobba vi med å luke ut problem som dårlege lysforhold, kommunikasjon og slike ting, fortel Skjong. 

Harde vêrforhold og vanskeleg kommunikasjon var andre  utfordringar dei måtte handtere på jakt etter krillen i Sørishavet.

Drone maritime robotis foto aker qrill company
FLEIRE TYPE DRONE: Aker Qrill Company har jobba med fleire ulike type dronar i løpet av dei siste åra.

Kan fjernstyrast eller segle autonomt
I 2021 starta selskapet prosjektet med si første motoriserte drone – ein Mariner USV frå Trondheim-selskapet Maritime Robotics. Den første drona vart sett i full drift i 2024.

Sidan har selskapet fått levert éin til av dei seks meter lange farkostane som både kan fjernstyrast og segle autonomt. Skjong fortel at dei har hatt stor nytte av bruken.

– Vi kallar dei Krillobile 1 og 2, og har hatt veldig mykje oppetid på dei, seier han.

Utstyrt som eit fullverdige fartøy
Det er vanskeleg å talfeste eksakt kor mykje dronane effektiviserer drifta, men selskapet har fortel at det er betydeleg. 

Ikkje minst har dronane eit klimautslepp som svarar til kring ein halv prosent av dei større krillskipa til selskapet.

– Samtidig er dei utstyrt som eit fullverdig skip med ekkolodd, sonarar, radar, kamera – også til nattbruk, i tillegg til satellittkommunikasjon frå Starlink, seier Skjong. 

Har bestilt ny og større drone
Til sommaren ventar Aker Qrill Company levering av si så langt største drone – ein ni meter lang Mariner X frå same selskap. 

– Medan den mindre typen har drivstoffkapasitet til ei veke, kan Mariner X brukast til lengre søk. Den har tre vekers «fuel»-kapasitet og kan sendast 500 nautiske mil av gårde om vi ønsker, fortel Skjong. 

Førebels har ikkje selskapet bestemt seg for kor mange dei vil ha av kvar type seinare – og vil først hauste erfaringar med bruk av begge. 

Publisert: 04.03.2026 05:00

Sist oppdatert: 03.03.2026 22:31

Mer om