Atle Storvik Astorplast foto Ogne
VEKST: Atle Storvik etablerte Astorplast som eit enkeltpersonforetak i 1997. No er det eit aksjeselskap som sysselsette 35 årsverk i fjor.
Nytt

Vekst for Astorplast

Astorplast vaks i koronaåret, men epidemien gav også ekstra kostnader.

21.09.2021

Plastkomponentleverandøren Astorplast i Herøy har hatt fleire år med markert vekst. Slik var det også i fjor. Driftsinntektene auka frå 51,1 millionar kroner i 2019 til 59,5 millionar kroner (sjå tabell).

Det blir ei liten vekst også i år, og ei lønsemd omlag på nivå med 2020, seier assisterande dagleg leiar Asgeir Djupvik.

Korona kosta
Både i år og i fjor har koronaepeidemien gitt ekstra kostnader. Reiserestriksjonane har gjort langtidspendlinga meir komplisert og dyrare knytt til den delen av arbeidsstokken som har familien i Polen og arbeider på rotasjonsordning. Dei vanskane har også gjort at bedrifta har måtte bruke meir overtid.

No er koronaulempene for langtidspendlarane blitt mykje mindre.

Prisauken på råvarene Astorplast brukar i sin produksjon starta å stige tidleg i år, og er framleis på eit høgare nivå enn før koronaepidemien, ifølgje Djupvik.

Meir eigenutvikling
Veksten i driftsinntekten i 2020 har to årsaker.

Astorplast har utvikle fleire eigne produkt, som gav auka sal.

I tillegg hadde selskapet auke i sine tradisjonelle marknadar.

Astorplast as

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt59,551,1
Driftsresultat0,91,0
Resultat før skatt0,60,8

Publisert: 21.09.2021 12:02

Sist oppdatert: 22.09.2021 09:12

Mer om