Jacu fortsetter veksten
KAFFI: Gründer Anne Birte Bjørkedal Hanken starta kaffibrenneriet Jacu i Ålesund i 2011. ARKIVFOTO
Nytt

Veksten bremsa opp

Kaffebrenneriet Jacu la om selskapsstrukturen i 2022.

Linn Antonie Vårdal Solheim
03.08.2023

Kaffebrenneriet Jacu la om selskapsstrukturen i 2022, det nyoppretta selskapet Jacu Drift hadde i perioden frå slutten av september 2021 og ut 2022 ei omsetning på 13,9 millionar, og eit resultat før skatt på 1,1 millionar. I tillegg hadde Jacu Eiendom eit resultat før skatt på 0,3 millionar.

I omstruktureringa har Jacu danna ein konsernstruktur, der bedrifta blei delt inn i tre nye selskap: Jacu Drift, Jacu Eiendom og Jacu Holding. I tillegg eig morselskapet 100 prosent av Jacu Academy.

Det no oppløyste selskapet Jacu AS leverte til samanlikning eit resultat før skatt på 1,4 millionar før skatt i 2021, og hadde ei omsetning på 11,8 millionar kroner.

Rekneskapsåret til dei nye selskapa er avvikande i 2022 grunna omstruktureringa av selskapsstrukturen, og tala under omhandler 15 månader drift, og ikkje 12 slik som er standard.

Perioden 21.09.21 - 2022
Tal i millionar kroner
Jacu Drift Jacu Eiendom
Driftsinntekter 13,9 0,7
Driftsresultat 1,2 0,5
Resultat før skatt 1,1 0,3

Brenn for kaffi
Etter å ha budd nokre år i Oslo, følte kaffegründeren Anne Birte Bjørdal Hanken det var naturleg å starte opp i heimbyen Ålesund.

I 2011 opna Jacu Kaffebrenneri dørene, og sidan den gong har ho og ektemannen lagt mange timar ned i kvalitetssikring av varer og merkevarebygging.

Selskapet har gradvis vekse til, og resultatet er eit internasjonalt anerkjent merkenamn med ei rekke kvalitetsprodukt i porteføljen.

Ambisjonsnivået er framleis høgt, og då Hanken vitja podcasten Podium i 2021, fortalde ho at dei hadde planar om å auke inntektene til 20 millionar nesten utan å auke kostnadsnivået i bedrifta.

Podium

E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.

Sosialt entrepenørskap
Jacu har i ei årrekke hatt eit samarbeid med Kirkens Bymisjon og prosjektet Bønner. Det er eit arbeidslivstiltak der Kirkens Bymisjon skapar arbeidsplassar til menneske som står utanfor den ordinære arbeidsmarknaden.

Ifølgje nettsidene til tiltaket er Bønner ein verkstad der dei arbeider med etisk og ansvarleg kaffi. Jacu bistår med brenning, kvalitetssikring og levering av kaffebønnene til prosjektet.

Stor prisvekst
Då NETT NO snakka med Jacu-gründer og kaffieksperrt Anne Birte Bjørdal Hanken i 2021, fortalde ho om utfordringar knytt til galopperande prisar og logistikkutfordringar i kjølvatnet av koronaviruspandemien.

– Kaffi er absolutt ein av tinga som har vorte mykje dyrare. Råvareprisen har gått opp rundt førti prosent siste året både for storindustrien og dei små brenneria. Og då vi endeleg hadde fått til logistikken på ein god måte, rakk vi berre å få ein kontainer til vanleg pris før fraktprisen vart femdobla, fortalde Hanken i fjor.

Publisert: 03.08.2023 10:45

Sist oppdatert: 03.08.2023 11:28

Mer om