Image0
NÆR DOBLA OVERSKOTET: Kaffibrenneriet Jacu nær dobla driftsresultatet i korona-året 2021. No forskar dei på korleis kaffien kan verte enno betre. F.v. Gunnar Lillevold, Birte Bjørdal Hanken og Oliver Hanken.
Nytt

Vekst og store planar for Jacu

Trass skremmande transport- og råvareprisar, snusar kaffibrenneriet på den internasjonale marknaden.

Kjell Arne Steinsvik
08.07.2022

Det lokale kaffibrenneriet Jacu fekk ei nær dobling i driftsresultatet i koronaåret 2021.

– Det var snakk om at mange kafear kom til å gå under, men det skjedde ikkje. Folk fann gode og kreative løysingar, seier kaffiekspert og dagleg leiar Anne Birte Bjørdal Hanken i Jacu.

Kaffibrenneriet i Parkgata i Ålesund ser tilbake på eit fjorår prega av uvisse, sidan serveringsstadane var særleg utsett for koronarestriksjonar. Bedriftsmarknaden står for om lag 90 prosent av omsetnaden til Jacu.

Gode sommarsesongar
I staden for å permittere tilsette og sjå mørkt på situasjonen, brukte dei høvet til å finne nye salskanalar og byggje opp eit system for direktehandel på nett.

I tillegg gjekk det ikkje så gale med kafeane som det vart frykta.

– Dei to siste somrane var faktisk ganske gode for kafear og kaffibarar, så då fekk vi stresstesta oss. Det viste at vi har god kapasitet, så vi kan auke mykje med dei tilsette vi har i lokasjonen vår i Parkgata, seier Hanken.

Dei to siste somrane var faktisk ganske gode for kafear og kaffibarar
Anne Birte Bjørdal Hanken

Internasjonalt?
No har kaffibrenneriet etablert eit effektivt system for netthandel, og snusar litt på den internasjonale marknaden.

For sjølv om dei ikkje har marknadsført seg internasjonalt, merkar dei ein gryande interesse frå utanlandske kundar. Både i form av folk som har lyst å besøke brenneriet, og småordrar frå ei rekkje land.

– Vi har ei kjensle av at det er ein stor marknad om vi vil gå den vegen, men det er ein del som må løysast innan logistikk og fraktkostnader først.

Hanken ser optimistisk på framtida etter å ha kome seg velberga gjennom to korona-år.

I fjor omsette bedrifta for nær 11,75 millionar kroner og enda med eit driftsresultat på 1,53 millionar kroner – opp frå 863.292 kroner i 2020 (sjå tabell under).

– Vi er godt nøgde med dei grepa vi har teke og investeringane vi har gjort. Vi har kjøpt Parkgata 18 og fokusert meir og meir på produksjon og verte eit godt brenneri, seier Hanken, som i sommar har open kaffibar i ein månad.

– Då kjem det «kaffi-pilgrimmar» som får eit innblikk i produksjonen og sjå korleis vi brenn og pakkar kaffien, og så kan dei avslutte med ein kopp kaffi.

(saka held fram under)

Jacu
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 11,75 9,99
Driftsresultat 1,5 0,86
Resultat før skatt 1,4 0,61
Jacu foto møreforsking på facebook 11
FORSKAR PÅ KAFFI: Birte Bjørdal Hanken og Oliver Hanken i aksjon under samarbeidet med Møreforsking, som skal finne ut korleis lagring påverker smaken på kaffibønnene. Foto: Møreforsking

Forskar på lagring
I tillegg til å brenne og selje kaffi, køyrer Jacu for tida eit forskingsprosjekt.

Ved hjelp av Skattefunn-midlar skal dei i samarbeid med Møreforsking sjå på korleis råvarene, altså grøne kaffibønner, held seg.

– Dei siste to åra har vi kome opp i eit slikt volum at vi kan importere konteinarar direkte frå Peru og Brasil. Vi har teke inn nærare hundre tonn råvarer til hamna. Når vi skal lagre så mykje, må vi vite korleis kaffien utviklar seg over tid, seier Hanken.

Ein av tinga Møreforsking skal studere, er korleis lagring påverkar smaken over tid. Dei har tidlegare erfaring med liknande studiar innen fiskerinæringa.

Podium

E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.

Gallopperande prisar
Jacu har altså hatt ei spanande reise gjennom den norske kaffimarknaden sidan etableringa i 2011. Likevel lurer nokre mørke skyer i horisonten i form av auka prisar på råvarer og frakt.

– Kaffi er absolutt ein av tinga som har vorte mykje dyrare. Råvareprisen har gått opp rundt førti prosent siste året både for storindustrien og dei små brenneria. Og då vi endeleg hadde fått til logistikken på ein god måte, rakk vi berre å få ein kontainer til vanleg pris før fraktprisen vart femdobla, seier Hanken.

– Det har vore viktig å følgje med og auke prisane i rett tempo. Vi trur marknaden forstår dette.

Raffinert smak
Trass dyrare råvarar: Dei nordiske landa har dei mest kaffidrikkande innbyggjarane i verda. Ifølgje Hanken har særleg nordmenn utvikla ein raffinert smakssans for den svarte drikken.

– Det er veldig stort fokus på kvalitet i Noreg. Historisk har vi fått kaffi frå Brasil i byte mot klippfisk. Gode arabica-bønner har gjort at vi er van med god smak.

Publisert: 08.07.2022 10:30

Sist oppdatert: 08.07.2022 11:59

Mer om