Morten Falch Aure Gry Helene Stavseng foto Marius
SYKKYLVEN: Fabrikksjef Morten Falch Aure i Slettvoll Møbler saman med konstituert dagleg leiar Gry Helene Stavseng i nye Plusslab Testsenter som blei opna tysdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Veldig gunstig å ha senteret lokalt

Nytt tilbod vil spare møbelindustrien i regionen for både tid og kostnader når dei utviklar nye produkt.

Marius Rosbach
29.01.2025

Slettvoll Møbler har vore mellom pådrivarane for å etablere det nye Plusslab Testsenter i Sykkylven.

Her kan møbelbransjen – og etter kvart truleg andre bransjar – teste produkta sine før dei skal ut på marknaden. 

– For bedriftene er det veldig gunstig å ha senteret lokalt. Det vil spare både tid og kostnader i arbeidet med å utvikle nye produkt, fortel fabrikksjef Morten Falch Aure hos Slettvoll Møbler til Nett No. 

Ofte tidskritisk arbeid
Testingane er ein del av løpet med produktutvikling fram til eit ny stol, eller bord kan lanserast på marknaden. 

Det kan ofte være tidskritisk å halde tempoet oppe for å nå ein sesong, eller ein marknad på rett tidspunkt. 

– Vi forsøker å kutte ned den tida så mykje som mogleg. Når vi er nøyd til å frakte produkta til Sverige, som har vore næraste testsenter til no, så går det mykje lengre tid, seier Aure. 

Testsenter opning maskinar foto Marius
OPNA DENNE VEKA: Her ved Plusslab Testsenter kan møbelbransjen i løpet av kort tid teste nye produkt. Senteret ved Næringsfabrikken opna tysdag. Foto: Marius Rosbach

Produktutviklarane følgjer testinga
Det er ulike direktiv som skal følgjast, som mellom anna krev risikovurderingar kring alle produkt. Det betyr at produsenten må finne ut kva som skal til for at ein stol skal velte, eller kor mykje trykk ei bordplate toler. 

Slettvoll sine produktutviklarar jobbar ved fabrikken på Stranda. Dei blir gjerne med produkta ut på testing og følgjer med når desse blir gjennomført. 

– Eit lokalt senter er med å sikre at vi kan følgje testinga nærare, og det kan heve vår kompetanse, seier fabrikksjefen.

Plusslab testsenter foto Marius
ULIKE TESTAR: Utstyret frå den tidlegare testlab-en som blei lagt ned i 2023, er teke vare på og fått nytt liv på det nye testsenteret. Foto: Marius Rosbach

Kan gjere ein rekke ulike testar
På testsenteret som opna dørene tysdag står maskinar på rekke og rad som kan utføre dette og andre påkjenningar. Til eksempel maskinar som liknar ei rumpe, kan teste korleis eit stolsete toler å «bli sete på» ein viss mengde gonger. 

– Det skjer også mykje med desse standardane, spesielt innafor miljø. At vi har fagressursar som er her lokalt, kan også bidra positivt inn mot industrien, legg Aure til. 

Kor mange testar ein produsent har behov i løpet av eit år, avhenger av kva nye produkt som blir utvikla. 

Mellom sju aksjonærar
Møbelprodusenten er også mellom sju aksjonærar som har gått inn med 940.000 i kapital i eit selskap under etablering, Plusslab AS.

Dei andre som har stilt med aksjekapital er: Ekornes, Flokk, LK Hjelle Møbelfabrikk, Sykkylven Stål, Designindustrien – Norsk Industrien og Sykkylven kommune. 

– Vi er veldig takksame for det, sa Gry Helene Stavseng under opninga ved Næringsfabrikken tysdag. 

Ho er prosjektleiar og konstituert dagleg leiar i starten. Senteret startar med to tilsette og målet er å kome i gong med dei første testane i februar. 

Tidlegare senter lagt ned i 2023
Nedlagde Riss Testlab i Sykkylven har tidlegare gjort slike akkrediterte testar for møbel- og designbransjen. 

Grunna låg bemanning missa testlab-en retten til å drive akkrediterte testar i 2020. Mot slutten av 2023 blei senteret lagt ned, til fortviling for bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industri.

Resultatet var at produsentar måtte sende produkta sine utomlands for å gjere testar etter europeiske kvalitetsstandardar. 

Publisert: 29.01.2025 13:31

Sist oppdatert: 29.01.2025 13:31

Mer om