(NPK-NTB): Trass i auka handelsbarrierar internasjonalt ventar Statistisk sentralbyrå ein klar vekst i norsk økonomi.
– Trass i auka handelsspenningar, høgare tollsatsar og utsikter til ein meir fragmentert global handel ventar me at framleis høg reallønnsvekst, lågare renter og auka offentleg etterspurnad vil løfta aktiviteten i norsk økonomi dei kommande åra, seier forskingsleiar Thomas von Brasch i Statistisk sentralbyrå (SSB) i ei pressemelding.
Det kjem av auka kjøpekraft for hushalda, auka satsing på forsvar og at bustadbygginga snur til oppgang.
Dei siste par åra har det vore beskjeden økonomisk vekst her til lands, med inflasjon og tilhøyrande rentehevingar, som har dempa aktiviteten.
Konfliktar vil svekke global verdiskaping
Eksakt kor mykje norsk økonomi vil bli påverka av den politiske kursendringa i USA, vil avhenga mellom anna av intensiteten i handelskonfliktane og kor lang tid dette vil vera.
I prognosane blir handelsrestriksjonane antekne å halda fram ut 2028, altså ut Trumps andre presidentperiode, skriv SSB.
– Handelskonfliktar vil svekkja den samla verdiskapinga i verda, men vil likevel ikkje hindra klar vekst i norsk økonomi. Oppgangen er likevel avhengig av at Noreg ikkje blir direkte påverka av tiltak som EU innfører som ein reaksjon på USAs tollaukar, seier von Brasch.
Nett No omtala i ein artikkel tidlegare tysdag korleis norsk sjømat kan bli råka av handelskonfliktane.
Berre to rentekutt i år
Samtidig ventar SSB at Noregs Bank kjem til å kutta styringsrenta fem gonger innan utløpet av 2026 – men berre to gonger i år.
Uvissa i verda, med handelskonfliktar og ein meir spent tryggingssituasjon, gjer at rentekutta tek lengre tid enn tidlegare estimert, heiter det.
– Auka uvisse og høgare inflasjon enn venta i februar gjer at rentekutta tek noko lengre tid. Renteprognosen vår inneber to rentekutt i år og tre kutt neste år. Styringsrenta kjem då ned i 3,25 prosent i 2026, seier forskingsleiar von Brasch i SSB.
Sidan desember 2023 har styringsrenta har vore 4,5 prosent. Den er enno på sitt høgaste sidan desember 2008.
Utlånsrenta vil ifølgje prognosane komma ned frå rundt 6 prosent mot slutten av fjoråret til litt under 5 prosent i 2027.
Publisert: 18.03.2025 09:23
Sist oppdatert: 18.03.2025 09:23