Ventar todeling i fiskeri
Neste år blir enda tøffare for fiskarane som fiskar torsk og andre kvitfiskartar.
Fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk melde onsdag om nedgang i inntekt og lønsemd - og at resten av året blir enda tyngre, mellom anna fordi over halvparten av reiarlaget sin torskekvote allereie blei fiska opp i første kvartal.
Lerøy Havfisk har ti trålarar som fiskar torsk, sei, hyse og liknande artar - som blir kalla kvitfiskartar.
Lerøy Havfisk-tala er ikkje eit unntak, men typisk for kvitfisk-fiskarane, ifølgje Runar Debess, som er fiskeriansvarleg i Sparebanken Møre.
– Du vil har reduserte fangstinntekter i 2024, og driftsmarginen vil gå ned, seier han.
Du får ei todeling i lønsemda, der kvitfiskflåten vil få svekka lønsemd medan pelagisk får eit veldig godt år, på line med toppåret 2023
Kvotane er gode, med unntak av sild - men der er det til gjengjeld høge prisar.
– Du får ei todeling i lønsemda, der kvitfiskflåten vil få svekka lønsemd medan pelagisk får eit veldig godt år, på line med toppåret 2023, seier Debess.
Strammar likviditet
Tøffare tider for kvitfiskflåten kjem etter fleire år med god lønsemd og fleire reiarlag har bygd opp reservar.
– Vi har merka at det byrjar å stramme seg til med likviditeten hos enkelte, seier Debess.
Verre neste år
Debess si vurdering er at det bli verre før det går betre. Grunnen er at signala frå Havforskingsinstituttet er at torskekvotene kjem til å bli enda mindre neste år.
Eit kvotekutt neste år kjem tre år på rad med 20 prosent kutt i torskekvotane. Det betyr reduserte inntekter for fiskarane,
– Prisen vil kompensere litt, men lang frå nok, seier Runar Debess.
Todeling
For den delen av fiskeflåten som fiskar sild, makrell, lodde og kolmule, såkalla pelagiske fiskeslag er biletet stikk motsett enn for kvitfisk-flåten.
Publisert: 15.05.2024 14:09
Sist oppdatert: 17.05.2024 00:09