I helga døypte Trident Aqua Services det nyaste tilskotet, brønnbåten Inter Alba. Dermed er verdas største flåte med båtar til oppdrettsbransjen, blitt litt større.
Reiarlaget fekk overlevert fartøyet allereie på slutten av fjoråret, og den gjekk rett i arbeid for Mowi Scotland.
– Dette er den første av fleire namneseremoniar vi skal arrangera i år, og vi har sett fram til denne dagen lenge. Det betyr mykje for oss å kunna markera ein viktig milepåle saman med mannskap, samarbeidspartnarar og ikkje minst kunden vår, uttaler toppsjef Arild Aasmyr i ei pressemelding i samband med dåpen.
Seremonien skjedde i den skotske byen Ullapool, og samla kundar, leverandørar, media og folk frå lokalsamfunnet.

Har fleire båtar under bygging
Den nye brønnbåten er bygd i Tyrkia. Der har reiarlaget også ein anna båt under bygging, Grip Discovery, som er venta å bli levert i mai. Den skal ut i oppdrag i Chile.
Reiarlaget skal i tillegg bygge to brønnbåtar i Spania som er venta levert i starten av 2027 og 2028. Dei skal óg bygge fleire servicebåtar ved Sletta Verft.
Trident Aqua Services tok i fjor steget opp til å bli verdas største leverandør av fartøy til oppdrettsbransjen, etter at Frøy-konsernet selde delar av si flåte.
Størst i den skotske brønnbåtflåten
Den nye brønnbåten Inter Alba er drygt 92 meter lang og har ein brønnkapasitet på 6500 kubikkmeter. Det gjer fartøyet til det største i den skotske brønnbåtflåten.
Båten har batterihybrid framdrift ved hjelp av fem generatorar på 1500 kW kvar.
Systemet som handterer fisken er levert av MMC First Process, og Brunvoll har levert framdriftssystem, propellar og thrustere. Kranar og vinsjer kjem frå Evotec, medan Jets og Libra-Plast har levert høvesvis toalett og dører om bord.
Også Gurskøy Sveiseindustri, Norwegian Greentech og Glamox er mellom leverandørar frå regionen.
Publisert: 23.03.2026 10:45
Sist oppdatert: 23.03.2026 12:30






