Verft råka etter dataangrep mot Tussa
Heimesidene gjekk ned etter angrep mot Tussa-server.
Larsnes Mek. Verksted er mellom fleire bedrifter som har trøbbel med heimesidene sine etter eit dataangrep mot Tussa.
Administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT stadfestar til NETT NO at ein av deira kundar har hatt to sokalla d-dos-angrep. Han fortel at det siste angrepet skjedde laurdag.
- Kunden som har ein server hos oss, ble angripen. Dei jobbar no med å levere ny serverkapasitet til sine kundar igjen, fortel han.
- Vi stoppa angrepet, men kunden er nøydt til å sette opp ein ny server, legg han til.
- Får angrepet med andre ord ingen konsekvensar for drifta hos Tussa, eller dokkes sine kundar?
- Det er korrekt. Når angrepet er pågåande, kan det vere ein risiko for at det gir større konsekvensar. Angrepa vart avverja før det kom så langt, seier Driveklepp.
Verftet ikkje råka elles
Administrasjonssekretær Mette Longva var Larsnes Mek. Verksted fortel at det berre er heimesida deira som er råka, og ikkje it-systema som handterer drifta elles.
– Heimesida er ekstern og domene blir drifta av ein leverandør som leiger server med Tussa. Vi har fått opplyst at det er skifta server og at dei held på å ta opp sidene att, seier Longva til NETT NO.
Fleire angrep
Etter angrepa mot Tussa har heimesida til verftet vore meir eller mindre nede, sidan midten av førre veke.
Etter det siste angrepet måtte sida også stengast i løpet av helga, opplyser verftet – som legg til at leverandøren beklagar ulempa.
– Ny server med ny ip-adresse er no installert og dei jobbar med å gjenopne side for side i løpet av dagen, skreiv verftet på sin Facebook-profil måndag.
– Aukande trend i tida
It-tryggleiken for serveren skal ha vore styrka som følgje av angrepa, for å hindre at noko liknande skal skje igjen.
– Dessverre er dette ein aukande trend i tida, opplyser verftet.
NETT NO har nyleg omtala korleis næringslivet er meir utsett for datakriminalitet. Det har gjort at it-tryggleik har kome høgare på dagsorden for bedrifter også på Nordvestlandet.
– Vi er stadig under angrep, men vi har også solide forsvarsverk it-messig og overvaker trafikken på nettet vårt kontinuerleg, fortalde kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime til NETT NO.
Publisert: 21.03.2023 10:09
Sist oppdatert: 21.03.2023 12:48