Myklebust Verft er i diskusjon med ein kunde om sluttoppgjer for eit oppdrag.
Det kjem fram i rekneskapen for verftsselskapet i Sande.
Verftsdirektør Leiv Sindre Muren opplyser til Nett No at han ikkje vil seie meir enn den knappe informasjonen som kjem fram i årsmeldinga.
Oppdraget gjekk over fleire år
I meldinga kjem det ikkje fram kva oppdrag det gjeld, kven kunden er – eller kor stor sum partane er usamde om.
Det blir opplyst at det gjeld ei kontrakt der arbeidet har strekt seg over fleire år.
– Det er ikkje unormalt med mange pågåande prosjekt, at verftet har saker som står igjen å konkludere, opplyser Muren.
I årsmeldinga blir det opplyst at det vil bli ei endeleg avgjerd etter at rekneskapen er levert.
Nær dobling av omsetninga
Myklebust Verft fortalde i ei pressemelding nyleg om eit godt fjorår.
Verftet var nær ved å doble omsetninga samanlikna med 2023. Fasiten vart driftsinntekter på 817 millionar kroner – opp frå 420 millionar året før.
Overskotet gjekk eit hakk ned frå 23 millionar kroner til drygt 18 millionar.
Myklebust Verft-konsernet er eigd av selskapet Myklebust Verft Invest. Konsernrekneskapen viste ved utgangen av fjoråret ein eigenkapital på 182 millionar kroner og langsiktig gjeld på 71 millionar kroner.
Publisert: 10.09.2025 08:02
Sist oppdatert: 10.09.2025 08:02






