Myklebust verft innfelt lars conradi andersen foto kjetil
REAGERER PÅ EKSFIN-FORSLAG: Den statlege eksporteininga Eksfin vurderer å gi garantiar til reiarar som vil bygge i Tyrkia. Det reagerer Myklebust Verft-sjef Lars Conradi Andersen (innfelt) og andre i bransjen sterkt på. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Verftssjef om Tyrkia-forslag: – Bransjen er rysta

Meiner Eksfin-støtte kan vere totalt øydeleggande for norske verft.

Marius Rosbach
17.08.2022

Denne veka blei det kjent at eksportetaten Eksfin vurdere å styrke støtten til reiarar som vil bygge i Tyrkia, i form av ei garantiordning.

Myklebust Verft-sjef Lars Conradi Andersen meiner tiltaket kan vere totalt øydeleggende for norske verft, om det vert innført.

– Det vil spenne beina under den norske verftsindustrien, seier Andersen til NETT NO.

At Eksfin meiner dette er innafor deira mandat, finn vi underleg
Lars Conradi Andersen

Har bedt om garantiar til norske verft
Myklebust-sjefen er med i ei gruppe frå maritim industri som har jobba med å få på plass ei liknande garantiordning for norske verft frå Eksfin.

Så langt har dei ikkje fått noko løfter frå Ap-Sp-regjeringa om at det vil kome på bordet.

– Bransjen er rysta over at det som vi oppfattar som våre støttespelarar, bruker energien sin på å hjelpe reiarar som vil bygge ute. At Eksfin meiner dette er innafor deira mandat, finn vi underleg. Argumentet med å fremme eksport frå norske leverandører er svært tynt. Dei same leverandørane får levere til nybygga også om dei blir bygde i Norge, legg Andersen til.

Han påpeiker at norske styresmakter gjennom sine krav til verftsbransjen her heime, er med å auke kostnadsnivået mot konkurrentar i utlandet og at dette blir nok eit konkurransevridande tiltak.

– Så umusikalsk det kan få blitt

Ein rekke andre representantar i bransjen, med Norske Skipsverft i spisssen, har reagert dei siste dagane.

Det same har konsernsjef Cahthrine Kristiseter Marti ved Ulstein Group og Green Yard Kleven-sjef Hans Jørgen Fedog gjort til lokalavisa Vikebladet.

– Dette er så umusikalsk det kan få blitt, meiner Fedog – medan Marti påpeiker at Tyrkia er rangert som eitt av dei verste landa når det kjem til rettar for arbeidarar.

Næringsministern vil undersøke saka
Næringsminister Jan Christian Vestre har også fått saka på sitt bord, etter at Per Vidar Kjølmoen (Ap) tok opp saka med departementet tysdag.

– Dette framstår som heilt feil bruk av offentlige midlar, sa Kjølmoen til NETT NO.

Tilbakemeldinga til stortingspolitikaren frå Mørebenken var at Vestre ville sjå på saka.

Sunnmørsposten som først omtalte Eksfin-forslaget, skriv på leiarplass at forslaget framstår som «meningsløst» og ber om at reiarane sjølv må ta risikoen for å bygge i Tyrkia.

Dette framstår som heilt feil bruk av offentlige midlar
Per Vidar Kjølmoen

Publisert: 17.08.2022 09:42

Sist oppdatert: 17.08.2022 11:16

Mer om