Vard langsten hanseatic nature 11
ØYDELEGGANDE: Denne veka kom ein rapport som avslører manglande kontroll ved verfta og dårlege arbeidsforhold for utanlandske arbeidarar. Avsløringane gjer det meir vanskeleg for verftsbransjen å be om politisk draghjelp. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Verfta har øydelagd for seg sjølv

Avsløringane om dårlege arbeidsforhold, har gjort verfta til sin eigen verste fiende.

Marius Rosbach
08.05.2022

ANALYSE: Norsk verftsbransje har fleire ting å vere vere stolte av. Resultata frå tilsynsaksjonen Arbeidstilsynet har gjort saman med skatteetaten og politiet ved åtte verft i Møre og Romsdal, er ikkje mellom dei.

Den 43 sider lange rapporten viser at sårbare utanlandske arbeidarar blir utnytta av underleverandørar i bransjen. Mellom dei mest kritikkverdige funna var løner ned i 30 kroner timen og timetal som langt overstiger normale arbeidsveker. Avsløringane er øydeleggande for verfta på fleire vis.

Ein ting er omdømme, ikkje minst hos dei yngre, som den maritime industrien gjerne vil har fleire av.

Ein syklisk marknad med svingingar har med jamne mellomrom skapt krisestemning i bransjen heilt siden starten av 2000-talet. Det har ikkje vore noko godt argument for rekrutteringa. Då koronapandemien slo til, kom det nye åtvåringar om framtida for verftsbransjen, på eit tidspunkt bransjen knapt hadde rekt å få hovudet over vatnet etter den førre krisa. Då er det forståeleg at unge i utgangspunktet kan kvi seg for å velje ei ei framtid som verftsarbeidar – uansett om bransjen bygger skip i verdsklasse.

Bilda i NRK-reportasjen frå bygginga av det norskeigde luksusskipet til reiarlaget Viking Cruises ved Vard-verftet i Søviknes - saman med opplysningane om at dei utanlandske arbeidarane jobba for «luseløn» - bidreg ikkje til at fleire unge vil jobbe i den maritime industrien. Det er mildt sagt heller ikkje nokon god marknadsføring for cruiseturisme generelt.

Ein anna ting er moglegheitene for å få statleg draghjelp i ei tid då verftsbransjen truleg har meir behov for det enn nokon gong. At rapporten viser at dei utanlandske arbeidarane har løns- og arbeidsvilkår langt under norsk standard, treffer bransjen på eit ømt punkt.

Når representantar for den martime klynga ber politikarar om meir pengar, peiker dei gjerne på utfordringane ved særnorske kostnadsnivået. Sidan almenngjeringa ved verfta blei innført i 2008, har utanlandske arbeidstakarar krav på minsteløn på linje med norsk tarfiff. Utgifter til reise, kost og losjikostnader gjer at det er dyrare for verfta langs kysten å ha utanlandske arbeidarar i jobb, enn ein lokal busett norsk arbeidar.

Bransjen har hevda at situasjonen har skapt konkurransevridning til fordel for utlandet. Prisen for å vere flinkast i klassa, omtala NETT NO situasjonen i ein analyse i fjor.

Men når resultata etter besøka frå Arbeidstilsynet viser at på langt nær alle arbeidarane får det dei har krav på frå dei norske verfta, svekkar det naturlegvis argumentet - og den politiske godviljen til bransjen. Det gjer ikkje saka enklare at regjeringspartiet Arbeidarpartiet har eit meir ordna og seriøst arbeidsliv som ein av sine flaggsaker.

Funna viser at det openbart er ein rekke selskap i bransjen som ikkje ønsker å følge reglane. I fleire tilfeller var arbeidsmengda kamuflert i dokumentasjonen frå underleverandørane. Tilsette har også blitt påverka av arbeidsgivarane sine, til å ikkje opplyse rett lønn til norske styresmakter.

Slik sett kan det vere grunn for nokre av verfta til å føle seg lurt av underleverandørane sine. Men graden av manglar som er avdekka, til eksempel på grunnleggande ting som organisasjonsnummer hos selskapa, viser at kontrollen frå verfta sin side tydeleg ikkje har vore slik den skal vere. Det å verdt å merke seg at lova i sommar utvidar bedriftene sin plikt til å sjekke at det er ordna arbeidsforhold leverandørkjeden.

Neste gong verftsbransjen ber om hjelp frå politikarne, må dei rekne med at dei blir spurt om korleis det går med oppryddinga i eige hus. Allereie har både arbeidsministeren, LO-leiaren og NHO vore klare på at situasjonen er uakseptabel.

Forfattarane av den knusande rapporten påpeiker at dei ikkje kan seie at forholda som er avdekka, gjeld heile bransjen. Det er legg likevel vekt til avsløringane at Vard - som det største verftskonsernet i Norge - er mellom dei som teke med buksene nede. Ulstein Verft, Myklebust Verft, Aas Mek Verkstad, Salthammer og tidlegare Kleven Verft, som er dei andre verfta som fekk tilsynsbesøk, er heller ingen kven som helst i bransjen.

Ryktet til verftsindustrien har vore frynsete historisk, og det var ikkje utan grunn at allmenngjeringa blei innført. No har avsløringane øydelagd år med arbeid for å gjere næringa meir seriøs.

For konkurrentar som har halde kontroll med underleverandørane sine , må det vere eitrande irriterande å sjå resultata av rapporten. Dei har openbert stilt bak i køa når det gjeld moglegheitene til å kapre oppdrag og sikre arbeid til sine tilsette.

Om dei undersøkte verfta skulle følgd reglane og betalt arbeidarane til underleverandørane sine det dei eigentleg hadde krav på, ville lønnsemda i rekneskapa deira vore dårlegare. Slik sett avslører også rapporten at konkurranseevna til den norske verftsnæringa, er enno svakarane enn ein har trudd.

Publisert: 08.05.2022 04:59

Sist oppdatert: 18.05.2022 14:19

Mer om