Conteinerskip innfelt heidi nakken ekornes kongsberg schenker illustrasjon foto kongsberg maritime åkp 11
MARITIM RAPPORT: Heidi Nakken har skrevet rapporten som peiker på korleis Norge kan auke eksporten frå maritim industri. Ho meiner Ekornes-prosjektet med autonome båtar frå Sykkylven til Ålesund, er eit spennande bidrag. Illustrasjon/foto: Kongsberg Maritime-Schenker/ÅKP
Nytt

Peiker på store mulegheiter for maritim vekst

Storstilt fornying av lasteskip er berre eitt av forslaga næringsministeren har fått på bordet frå klynga på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
17.07.2022

Maritim industri skal vere ein sentral del av eksportsatsinga til regjeringa framover. Som eit ledd i arbeidet med å finne dei konkrete tiltaka, er bransjen utfordra til å peike på kva dei meiner bør gjerast.

Det har munna ut i rapporten som er ført i pennen av Heidi Nakken. Ho vende i fjor tilbake til ÅKP, etter eit par år som statssekretær i Solberg-regjeringa. No er ho leiar for bærekraft og samfunn i ÅKP, og har koordinert arbeidet i ei gruppe sett saman av bedrifter frå ulike delar av maritim bransje.

– Den maritime industrien er brei, og vi har vore opptekne av at heile bransjen skal vere med. Dette handlar om meir enn drivstoff, og like gjerne forretningsmodellar og energieffektivisering i andre delar av skipa, fortel ho til NETT NO.

(saka held fram under)

Daniel garden jan christian vestre besøk nmk foto marius 22
ÅLESUND: Næringsminister Jan Christian Vestre på besøk hos i Ålesund. Daniel Garden (t.v.) frå klyngeorgansiasjonen GCE Blue Maritime orienterer. Foto: Marius Rosbach

– Ventar at vi skal bli lytta til
Ei auke i eksporten på 50 prosent innan 2030 er regjeringa sitt ambisiøse mål. For å få til dette, er det peike på sju satsingsområder – mellom dei maritim industri.

Det har skapt forventingar langs store delar av kysten. Tiltaka som kom då industriløftet blei lagt fram tidlegare i sommar, blei godt mottekne – men imponerte ikkje bransjen.

Det vel Nakken å ikke uroe seg for enno, som reknar med at regjeringa kjem med fleire tiltak i neste runde, til eksempel statsbudsjettet til hausten.

– Dei har sett ned eit eksportråd, og peika ut bransjen som satsingsområde. Vi ventar at vi skal bli lytta til, og at våre innspel blir teke på alvor. Vi reknar med at eksportsatsinga skal bygge på, og utvide det som er lagt fram om det grøne industriløftet, seier ho.

Vi ventar at vi skal bli lytta til, og at våre innspel blir teke på alvor
Heidi Nakken

CO2-fond mest viktig
På spørsmål om kva som er det aller viktigaste tiltaket, kjem svaret kontant:

– Å opprette eit CO2-fond. Vi forstår at det er eit løp som tek litt tid, men det er det viktigaste som må skje, seier Nakken.

Same tanken er lansert tidlegare – og seinast trekt fram av Ulstein Group-eigar Gunvor Ulstein, då ho møtte næringspolitikar Per Vidar Kjølmoen (Ap). Ho var spesielt uroa for situasjonen til dei store nybyggingsverfta.

Nakken meiner CO2-fondet bør ha ei innretning tilsvarande Nox-fondet som bransjen har gode erfaringar frå.

I tillegg bør det utarbeidast en modell for avgiftslette, som gjer det lønsamt å velje grøne løysningar.

Ideen er ei ordning som kan samanliknast med korleis elbilar har vore hjelpt fram av støtteordningar og unntak frå avgifter.

(saka held fram under)

Gunvor Ulstein Cathrine Marti Per Vidar Kjølmoen Foto Marius 11
IKKJE NØGD: Gunvor Ulstein Cathrine Marti Per Vidar Kjølmoen Foto Marius 11 «STORE MOGLEGHEITER»: Ulstein Group-eigar Gunvor Ulstein og konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti diskuterer med stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen (Ap). Foto: Marius Rosbach

– Vi snakkar om milliardar
Tanken er at den som vil bygge om, eller erstatte ein eksisterande båt i meir miljøvennleg retning, skal få dekka noko av kostnadene via eit slikt fond. Til eksempel gjennom risikokapital til investeringar.

Og det held ikkje med nokre hundretals millionar: – Vi snakkar om milliardar, seier Nakken.

– Det første små må gjerast, er at politikarane besluttar vi skal ha eit slikt fond. Det bør gå raskt, påpeiker ho.

– Deretter må ein sette i gong og finne ut korleis det skal riggast slik at det fremmer grøn industriutvikling her i Norge. Det er ein prosess som forståeleg tek litt lenger tid, men vi har berre tida og vegen, legg ho til.

– Ein enorm stor marknad
Nakken er ikkje i tvil om at det er store mulegheiter for å auke verdiskapinga i den maritime industrien.

I rapporten er eit optimistisk anslag talfesta til 128 milliardar i eksportinntekter i fem ulike segment i 2030. Det er i tilfelle nær ei dobling av nivået frå 2021.

Sjøstransport er mellom marknadene som er rekna å ha stort potensial. Skip for varetransport er samtidig ein marknad der det omtrent ikkje blir bygd fartøy her til lands i dag.

– Det er ein enorm stor marknad, men Norge har hatt ein låg andel, påpeiker Nakken.

Det er ein enorm stor marknad, men Norge har hatt ein låg andel
Heidi Nakken

Mange skip må fornyast
I rapporten går ho nærare inn på kvifor flåtefornying innan lasteskip gir spesielt gode eksportmulegheiter:

Det dreiar seg om mange skip - kring 5000 berre i Europa, og halvparten av desse vil ha behov for fornying innan ti år for å følgje klimakrav.

– Sjølv om kvar enkelt eining ikkje er kostbar, er det også ei stor flåte som vil trenge ombygging, påpeiker Nakken.

Utviklinga med høgare stålprisar, gjer at det også er meir aktuelt med gjenbruk av alle typer tonnasje.

– Det kan vere eit kjempepotensiale for ombyggingsverfta, legg ho til.

(saka held fram under)

Schenker Ekornes Autobarge 250 copyright Naval Dynamics 2 Sykkylven
NYVINNING: Går utviklingsarbeidet som skal blir dette skipet på sjå i rute mellom Sykkylven og Ålesund om nokre år. Illustrasjon: Kongsberg Gruppen

Meir autonom skipsfart
I rapporten blir det understreka at det hastar med å sette i gong utviklingsprosjekt om norsk maritim industri skal vere med å sette standarden i marknaden.

– Utviklinga innan autonom skipsfart er også utruleg spennande for all nærskipsfart. Der har Ekornes og Kongsberg kome med eit godt bidrag, seier ho - og viser til ideen om å utvikle autonome containerskip som skal segle Sykkylven- Ålesund.

Også her skjer også teknologiutviklinga i eit rasande tempo, påpeiker rapporten.

Størst vekstpotensial for havvind
Havvind er rekna å ha størst vekstpotensial, men også cruise- og passasjersegmentet, kan ligge an til betydeleg vekst. Utvikling for fartøy til olje- og gass er meir usikker.

– Offshore vind ser vi på som ein stor komande marknad. Her har vi også gode moglegheiter for å overføre kunnskap frå offshore, fortel Nakken.

Seinast denne veka sikra Ulstein kontrakt på bygging av minst to skip i denne marknaden forOlympic-reiarlaget frå Herøy. Oppdraget gir arbeid til både verftet, dei andre Ulstein-selskapa og ein rekke leverandørar.

– Kontrakta er svært gledeleg og det er grunn til å gratulere både verft og reiar. Det er viktig å være tidlig med å bygge desse båtane. Det gjev også viktige referansar til seinare prosjekt, påpeiker Nakken.

Olympic vindskip illustrasjon ulstein design solutions 11
OLYMPIC-KONTRAKT: Ulstein Verft har hatt tom ordrebok på nybygg sidan det siste cruiseskipet vart levert i fjor haust. Denne veke blei det klart at dei skal bygge minst to skip for herøy-reiarlaget Olympic. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

Inntektene for maritim industri frå havbruk har også gode vektsmoglegheiter, men her er volumet til eksport mindre enn i dei andre segmenta, fordi det i stor grad skjer i Norge.

Er også «lågthengande frukter»
Sjølv om viljen til å bruke meir pengar på maritim industri er uttalt frå dagens regjering, opplever Nakken at det framleis er utfordrande å få forståing for kor mykje som trengst.

Ein rekke andre land står samtidig klare til å kjempe om dei same marknadene.

– Det er framleis eit tidsgap med teknologiutvikling som vil koste om vi verkeleg meiner at vi skal eksportere maritime grøne løysingar til hele verda, seier ho.

Det er også «lågthengande frukter» i rapporten som næringministeren fekk overlevert førre månad.

Ein ting som ikkje treng å koste mykje er å opprette ei ekspertgruppe som kan hjelpe det offentlege i sine innkjøp. Det kan gjerne dreie seg formuleringar i anbod, som fremmer til eksempel miljø eller arbeidsforhold i konkurransen om å få bygge eit skip.

At stadig fleire offentlege kjøp av fartøy har gått til utlandet, har skapt frustrasjon i bransjen.

– Når det offentlege skal bygge skip, må ein kunne forvente at vi tek oss råd til dei samme vilkåra som vi pålegg industrien med andre handa, understrekar Nakken.

Å auke støtta bedrifter kan søke til messeturar og liknande i utlandet, er eit anna tiltak. I dag er det maksimale beløpet sett til 60.000 kroner i slik støtte.

– Vi må også styrke eksportapparatet som vi omtalar som Team Norway, med maritime ressurspersonar. Dei må kjenne industrien og vite kva tid ting skjer, påpeiker Nakken.

Les rapporten: Mer og Grønnere Maritim Eksport (ekstern lenke)

Fleire saker om eksport:

Publisert: 17.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 17.07.2022 09:49

Mer om