Vert fullspekka med norsk utstyr
MODELL: Det har drøya med siste detaljane i kontrakten, men hos Island Offshore i Ulsteinvik er for lengst modellen av Island Navigator på plass i glasmonteren. Skipet vert 169 meter langt, og vert størst i Island Offshore-flåten.
Nytt

Vert fullspekka med norsk utstyr

Bygginga av Island Navigator er godt nytt for ei rekkje norske utstyrsleverandørar.

30.06.2015
- Ja, ein stor del av utstyret er norsk, seier viseadministrerande direktør Tommy Walaunet i Island Offshore.
Selskapet går ikkje ut med byggjesummen på det det 169 meter lange superskipet, men NETT NO kjenner til at den samla prislappen er på rundt 1,7 milliardar kroner. Mykje av det er utstyr, og det aller meste er norsk.
Her er lista over norske utstyrsleverandørar:
* Rolls Royce Marine* National Oilwell* ABB* Ulmatec* Maritime Montering* Jets* Tranberg* Mare Safety* Jotun* Marine Aluminium

Kvart milliard frå Rolls-Royce

For Grimstad-baserte National Oilwell og Sunnmørs-baserte Rolls-Royce Commercial Marine er kontrakten ekstra viktig ettersom desse to selskapa vert hovedleverandørar av utstyr.
Rolls-Royce har tidlegare opplyst at for selskapet er kontrakten verd 250 millionar kroner.
I tillegg til design og engineering skal Rolls-Royce Marine mellom anna levere framdrifts- og propellsystemet med seks sett med generatorar og sju elektrisk drivne thrustarar, i tillegg til kontroll- og automasjonssystem, elektriske system og dekksmaskineriet for fortøying og ankerhandtering.

Ny tårnløysing

National Oilwell har på sin side ansvaret for den nye tårnløysinga for modulhandtering, noko som skal vere med på å sikre eit trygt og komfortabelt arbeidsmiljø for mannskapet under opererasjonar i tøffe og kalde område.
Selskapet meiner at denne løysinga vil utvide antal dagar skipet kan operere i Nordsjøen og i dei nye leiteområda lenger nord.
Island Navigator vert 169 meter langt, og vert dermed det største skipet i Island Offshore-flåten. Skipet vert 28 meter breidt og vil stikke heile 11,7 meter djupt.
Skipet vert utstyrt med ei innreiing for 91 personar.

Japansk finansiering

Tommy Walaunet seier at det har vore eit omfattande arbeid å få på plass alle formalitetar rundt finansieringa med japanske finansinstitusjonar.
- Det er to japanske bankar samt det japanske garantiinstituttet som står bak finansieringa.
- I tillegg til at avtalane er omfatta av britisk rett, er dette nye lånepartnerar for oss. Derfor har det tatt litt tid å få alt på plass.
Walaunet seier at fleire av dei norske utstyrsleverandørane alt har starta på arbeidet med leveransane.
- Ja, det er ein stor kontrakt, og det har vore viktig å kome tidleg i gang.
Det er to japanske bankar samt det japanske garantiinstituttet som står bak finansieringa

Publisert: 30.06.2015 14:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45