Vestre varslar «grønare» statleg eigarskap
Næringsministeren legg fram ambisjonane for eigarskapspolitikken til staten.
NPK-NTB-Bibiana Piene: Fredag klokka 12 legg han fram ei ny stortingsmelding om den statlege eigarskapen. Den har fått tittelen «Ein grønare og meir aktivt eigarskap» og trekkjer opp ei rekkje nye forventningar til statleg eigde selskap.
– I meldinga skrur vi på både kategoriseringane, grunngjevingane, måla og forventningane til dei statlege selskapa, seier Vestre.
– Vi seier farvel til Høgres dogmatiske syn om at det er eit mål å redusere eigarskapen til staten, slår han fast til NTB.
Pragmatisk syn
Samtidig vil det vere aktuelt å gå inn og ut av selskap, og dessutan opp og ned, alt etter kva som er best for landet, ifølgje Vestre.
– Det er eit pragmatisk syn som står seg over tid. Vi utvidar grunngjevingane for den statlege eigarskapen og seier tydeleg at det kan vere eit verktøy for å bidra til meir nasjonal eigarskap. Det trur eg mange synest er fornuftig i ei uroleg tid, utdjupar han.
Onsdag vart det kjent at staten legg 2,65 milliardar kroner på bordet for å kjøpe Noregs nest største eigedom, Meraker Brug i Trøndelag, for å sikre at eigedommen på 1,3 millionar mål held fram på norske hender.
Vestre meiner selskapa vil merke eit grønt skifte.
– Vi aukar forventningane til klima og natur. Det betyr at selskapa skal setje mål og rapportere. Dei må ha konkrete tiltak, og dei må balansere økonomisk, sosial og miljømessig berekraft på ein god måte, seier han.
Vil krympe leiarlønningar
Torsdag kveld vart det kjent at Vestre også vil stramme kraftig inn på leiarlønningane i statseigde selskap.
Mellom anna vil han knesetje eit prinsipp om at ingen statleg toppleiar skal ha større lønnsutvikling enn dei tilsette – og ikkje i prosent, men i kroner og øre.
Regjeringa vil også fjerne bonusordningar i selskap som Equinor, DNB, Norsk Hydro og Posten – såkalla «kategori 2»-selskap der staten har særskilde grunngjevingar for eigarskapen. I selskap i kategori 1, som Flytoget og Aker Solutions, vil regjeringa halvere bonusen.
Blir dette prinsippet brote, kan resultatet ifølgje VG bli hovudrulling i styreromma.
I sommar fekk regjeringa også overlevert ein rapport frå det såkalla Lederlønnsutvalget. Utvalet går inn for å vrake dagens leiarlønnssystem, som vart innført i 1991 for å minske forskjellane mellom offentleg og privat sektor.
Blant tinga utvalet foreslo, var lønnstak, strengare regulering av lønnsintervall, rekruttering på lågare lønnsnivå, lønnsreduksjon og lønnsfrys.
Lova i Hurdal
Arbeidet med eigarskapsmeldinga har gått føre seg sidan Arbeidarpartiet og Senterpartiet snikra regjeringsplattforma si i Hurdal i fjor. Sjølv om regjeringa vedgår at privat eigarskap skal vere utgangspunktet for norsk næringsliv, er ambisjonen likevel at staten engasjerer seg meir.
I Hurdalsplattforma heiter det mellom anna at regjeringa skal «forme ut ein ny eigarskapsmelding med mål om at statleg kapital og eigarskap bidrar til økt eksport, utvikling av nye, grøne verdikjeder og fleire arbeidsplassar».
Gjennom det som blir omtalt som «ein kraftfull verktøykasse», vil regjeringa ta ansvar for å få på plass nødvendig infrastruktur, inngå partnarskap som sameiner utsleppskutt og næringsutvikling, bidra med kapital og anna risikoavlasting og bruke si innkjøpsmakt til å skape sterke heimemarknader.
Nasjonal kontroll
Regjeringspartia er også samde om at staten skal etablere eller kjøpe seg inn i selskap på område som er av strategisk interesse for Noreg, og at statleg eigarskap skal brukast for å sikre nasjonal kontroll over mellom anna energi- og naturressursar.
Publisert: 21.10.2022 08:01
Sist oppdatert: 21.10.2022 08:28