Daniel garden jan christian vestre besøk nmk foto marius 22
MARITIM EKSPORT: Klyngeleiar Daniel Garden i GCE Blue Maritime presenterte nokre av forslaga som snart kjem på næringsministeren sitt bord. Ap-statsråd Jan Christian Vestre framme til høgre på bildet under besøket på NMK. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vestre ventar spent på forslag frå Sunnmøre

Næringsministeren klar til å «trykke på knappen» for maritim eksportsatsing.

Marius Rosbach
31.05.2022

Under besøket til næringsminister Jan Christian Vestre før helga, kom det fram at statsråden ventar spent på innhaldet i eit dokument under utarbeiding på Sunnmøre.

– Eg klarar ikkje å vente, korleis ligg den an i løypa, ville Vestre vite då han møtte dei involverte aktørane på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) på Nørve i Ålesund.

Bakgrunnen er at grøn maritim eksport er peika ut som ein av to førebels satsingar i regjeringas nye eksportstrategi. Underlagsdokumentet Vestre ventar på, vil vere ei slags skisse til ein maritim eksportplan.

Vil tilsette lokal «bransjeekspert»
Klyngeleiar Daniel Garden i GCE Blue Maritime er mellom dei som er involvert i arbeidet. Han kunne fortelje om fleire forslag som vil bli lagt på bordet. Å tilsette ein lokal «bransjeekspert» i land det er aktuelt å samarbeide med, er eitt av desse.

– Det kan få ned den lange reisa fram til eit oppdrag - ikkje minst for små og mellomstore norske bedrifter, sa Garden.

Han fortalde at dei såg føre seg å starte i eitt land og eitt segment: – Eit eksempel kan vere ferjemarknaden i Norden, la han til.

– Eit godt forslag, repliserte næringsministeren og fekk vidare opplyst at dokumentet vil bli oversendt departementet i månadsskiftet mai/juni – med andre ord kva tid som helst.

– Klare til å trykke på knappen
Vestre fortel til NETT NO at han ser fram til å legge fram regjeringas grøne industriløft før sommaren. Der er skipsnæringa ein av sju næringar som blir peika på som satsingsområder.

– Her skal vi konkretisere satsinga. Så snart vi får dette dokumentet, vil det bli gjennomgåttt - også er vi klare til å trykke på knappen, fortel Vestre om det vidare arbeidet.

Under besøket var han innmom både Optimar og Brødrene Sperre, som på kvar sin måte opplever utfordringar for eksport knytt til fiskeriet. Byggevareleverandøren Spilka fekk også besøk, i tillegg til at ein rekke bedrifter og aktører deltok og presenterte seg på NMK mot slutten av dagen.

(saka held fram under)

Noterte flittig innspel
Undervegs i besøket var Vestre ivrig frampå med spørsmål om kva regjeringa kunne gjere for å betre situasjonen deira.

– Det er veldig gøy å møte eit så framoverlent næringsliv, som sjølv om dei møter utfordringar, tenker på kva som er mogleg å få til, seier Vestre som noterte flittig på si medbragte papirblokk.

Betre risikoavlastning var eitt av innspela han fekk. Eit anna var å vere raske til å finne reglar for korleis fiskeri og vindkraftindustrien skal leve saman ute på havet.

– Desse besøka er veldig nyttige. Om vi ikkje klarer å innfri alle ønska med ein gong, så skal dei kunne kjenne at mykje allereie når vi legg fram det grøne industriløftet før sommaren, avsluttar Vestre.

Publisert: 31.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 31.05.2022 00:48

Mer om