Havbruksklynge høgaktuell for eksportsatsing
– Veldig positivt, melder GATH-nettverket etter å ha hatt leiinga i Innovasjon Norge på besøk.
Leiinga i Innovasjon Norge var imponert over det dei fekk høyre frå bedriftene i GATH-samarbeidet onsdag. Namnet står for Global Aquaculture Technology Hub, og blei starta i fjor av bedrifter med tyngepunkt på Nordvestlandet.
Bedriftene er teknologi- og utstyrsleverandører til oppdrettsnæringa, men også brønnbåtreiarlag er med i samarbeidet.
(saka held fram under)
– Absolutt aktuelt å satse på
Fleire av desse klyngeselskapa har vore mellom dei raskast veksande på
Nordvestlandet dei siste åra. Samtidig driv dei ei teknologiutvikligng
som gjer dei høgaktuelle for regjeringas nye satsing på grøn maritime
eksport.
– Definitivt, seier regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal på spørsmål om GATH-bedriftene passar inn i satsinga næringsministeren peika i sin nye eksportreform.
– Dei er i kjerna av områda vi allereie er inne på. Det er ein kombinasjon av marin og maritim, og absolutt aktuelt å satse på, legg han til.
Det er ein kombinasjon av marin og maritim, og absolutt aktuelt å satse på
Har opplevd kraftig vekst
Leiinga og styret i Innovasjon Norge fekk høyre om GATH-samarbeidet under eit besøk ved MMC First Process på Digerneset. Harald Tom Nesvik representerte klyngeselskapet saman med Per Helge
Devold frå MMC First Process.
– Vi ser veldig positivt på at ledelsen og styret i Innovasjon Norge tar kontakt for å bli betre kjent med kva GATH står for, og ikkje minst dei svært positive tilbakemeldingane vi fekk om viktigheita av denne satsinga for Norge, seier Devold til NETT NO i etterkant av besøket.
Han påpeiker at nettverket er dreve fram av næringa for å løyse framtidige
utfordringar bransjen står i. Samtidig vil dei skape ny vekst gjennom å trappe opp innovasjonstakta.
– Det vil óg gi lokal verdiskaping i Distrikts-Norge, legg Devold til.
Bedriftene i nettverket er verdsleiande på sine felt og gjer alt frå å drifte båtane som fraktar fisken, analysere fiskehelsa, drette opp laks på land og forske på korleis det heile heng saman.
Berre dei 13 aktørane som var med frå starten av samarbeidet, hadde i fjor ei omsetning på meir enn seks milliardar kroner.
Skal peike ut satsingsområde
Styreleiar Gunnar Bovim i Innovasjon Norge fortel at dei skal gi strategiske råd til næringsdepartement og fylkeskommunar om kva næringar ein kan satse på, saman med det nye eksportrådet.
– Da er vi opptekne av å få sett tingene tett på ute i bedriftene, slik at vi kan gi råd som er mest mogleg rett fundert, seier Bovim til NETT NO.
Havvind og grøn maritim eksport er dei to første satsingsområda i næringsministeren sin strategi. Framover skal regjeringa peike på fem til ti næringar som skal bli satsa spesielt på.
Gode diskusjoner med bedriftene
Bovim fortel at Innovasjon Norge ofte har gode diskusjonar ute i
bedriftene om kva verkemiddel dei kan ta i bruk og korleis dei kan legge
om ordningar som gir lån og støtte.
– Slik får også vi råd om korleis vi kan rigge vårt apparat slik at eksporten faktisk skjer. Til no har Innovasjon Norge hatt mange allment praktiserande folk på avdelingane som jobbar internasjonalt. No skal vi ha fleire tilsette som kan éin sektor og som kan vere meir «på ballen», legg styreleiaren til.
Norge har dei siste 20 åra sakka akterut på eksportområdet samanlikna med andre land, og regjeringa har som mål å auke eksporten med 50 prosent innan 2030.
E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport
Publisert: 08.04.2022 15:16
Sist oppdatert: 08.04.2022 20:14