Vi hadde god klaff i fjor
RESULTAT: Kristin og Olav Remøy (innfelt) hadde eit svært godt fjorår med reke- og kvitfisktrålaren Remøy. I år er rekefisket litt slakkare, og prisane lavare.
Nytt

– Vi hadde god klaff i fjor

Fosnavaag Holding snudde minus til pluss i fjor takka vere eit godt år for reke- og kvitfisktrålaren Remøy. I år er bildet snudd.

28.06.2019
Gjennom selskapet Remøy Havfiske vart det seld fangst reke og kvitfisk frå Remøy for 154,2 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på 20,5 millionar.
Dette gode resultatet var avgjerande for at morselskapet Fosnavaag Holding i regi av Olav Remøy (40,27 %), Kristin Remøy (40,27 %) og Beate Eggesbø Remøy (19,46 %) fekk eit bra resultat i fjor.

Nær 200 millionar

Totalt omsette konsernet for 195,3 millionar kroner, 38,1 millionar meir enn året før.
Resultatet før skatt enda på 8,5 millionar kroner, mot minus 14,5 millionar i 2017.
Dagleg leiar Olav Remøy seier for reke- og kvitfisktrålaren Remøy var 2018 eit godt år.
- Vi hadde god klaff og fiskeriet var bra nær sagt heile året, samt gode prisar på det meste.

Reduserte rekeprisar

Hittil i år har det derimot vore litt slakkare.
- Rekefisket var bra tidleg på våren, men det vart ei temmelig slakk periode i mai.
- Det er også rundt 20 prosent lavare lavere rekeprisar hittil i år, seier Remøy.
Han opplyser at båten har mykje av kvitfiskkvotene att å fiske, og det startar ein på i september, medan båten skal på verkstedopphald i november.

Oppstartskostnader

Trekte ned resultatet i fjor gjorde derimot Fosnavaag Havfiske, som står bak den pelagiske trålaren Nordsjøbas. På sitt første driftsår etter kjøpet frå Shetland vart resultatet før skatt minus 8,6 millionar kroner av ei omsetning på 41,1 millionar.
I år ser det derimot mykje betre ut, og Nordsjøbas tok blant anna ein god fangst med tobis i mai.

Olav Remøy seier at ein i fjor hadde ein del oppstartskostnader, men at båten fungerer kjempegodt.

Godt år for Nordsjøbas

Han forklarer det dårlege fjoråret med lave kvoter og dårlege sildeprisar, i tillegg lavare prisar på kolmule og tobis.
- Det er ei heilt anna tegning hittil i år. Det er større NVG-kvoter, stor tobiskvote og veldig gode prisar til mjøl/olje.
- Til dømes har vi fått rundt 90 øre/kg meir for tobisen i år, og rundt 45 øre mer for kolmula, seier Remøy som opplyser at omsetninga for Nordsjøbas hittil i år har passert fjoråret. Og det på færre driftsdøgn.
I tillegg har ein att ein del sild ein skal fiske i haust.
Fosnavaag Holding eig 70 prosent av Fosnavaag Havfiske, medan 20 prosent er eigd av Oddbjørn og Evelyn Sævik og 10 prosent av Geir-Johan Bakke.

Vil selje kystvaktskip

Konsernet eig også kystvaktskipet KV Ålesund gjennom selskapet Remvakt. Dette skipet er til sals.
- Vi har fleire interessentar, men ikkje noko er avklara, seier Remøy.
I tillegg eig konsernet 25 prosent av selskapet Coldwater Prawns of Norway.
Fosnavaag Holding har god eigenkapital, og hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 728 millionar kroner.
Aksjonærane kan for fjoråret fordele eit utbyte på 9,9 millionar kroner.
Vi hadde god klaff og fiskeriet var bra nær sagt heile året, samt gode prisar på det meste

Publisert: 28.06.2019 18:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36