– Vi må firedoble investeringane
Nordea-analytikar Thina Saltvedt innleia klyngekonferansen med ei åtvaring.
Årets klyngekonferanse for den maritime bransjen i regi av CE Blue Maritime Cluster, opna torsdag i Ålesund.
Konferansen samlar store delar av dei maritime næringane for å gjere opp status og høyre spådommar for framtida.
I år er konferansen utvida i tid, mellom anna for å belyse årets tema, «Innovasjon som konkurransefortrinn», gjennom fleire foredrag.
– Vi må firedoble investeringane
Sjefanalytiker bærekraft Thina Saltvedt i Nordea innleia med å åtvara mot at utviklinga med å kutte utslepp går for tregt.
– Det er betre å starte i dag, enn å utsette. Det blir dyrare, understreka ho.
Sjølv om investeringane på fornybarsektoren veks raskare enn i olje- og gass, krevst langt større tempo for å nå målsettingane om utsleppskutt på 50 til 70 prosent i løpet av få år.
– Vi må firedoble investeringane i fornybarsektoren, fortalde Nordea-analytikaren.
Saltvedt råda også selskap til å være tydelege og ærlege i sin berekraft-rapportering. Det kan vere avgjerande for å sikre finansiering framover.
– Ser fram til å lytte
– Dette er ein konferanse eg ser fram til å lytte til, sa statssekretær Vidar Ulriksen (Ap) frå Nærings- og Fiskeridepartementet då han opna konferansen.
Han gjekk gjennom korleis regjeringa satsar på den maritime næringa. Ulriksen viste mellom anna til at Eksfin nyleg har fått utvida sine moglegheiter til å stille byggjelånsgaranti.
- Verftet er viktig for at den maritime klynga har fagarbeidarar som kan sette saman båtane. Og krevjande kundar er mellom dei tinga som trengst for å skape innovasjon, sa han.
Fullt hus
Menon Economics sin gjennomgang av tilstanden og stemninga blant bedriftene i den maritime klynga er fast innslag og eit viktig trekkplaster.
Etter krav frå Siva, Innovasjon Norge og Forskingsrådet har GCE Blue Maritme innført medlemsavgift.
Likevel var det fullt hus med kring 300 påmelde, som er mellom dei største oppmøta nokon gong.
Sjå heile programmet (ekstern lenke)
Ny prisutdeling
Nytt av året er også utdelinga to prisar: "«Innovation of the year» og «Blue Maritime Cluster Award».
Det er nominert tre kandidatar til innovasjonsprisen: Vard for designet av vindkraftkonstruksjons-skipet Rem Power, Seaonics for sine skipskraner med rørslekompensasjon (ECMC-Cranes) og Ultmatec Pyro sin teknologi for å lage straum av overskotsvarme.
Den andre prisen, «Blue Maritime Cluster Award», skal gå til ein person eller ei bedrift som har bidratt ekstra til å utvikle og styrke den maritime klynga.
Publisert: 21.09.2023 10:54
Sist oppdatert: 21.09.2023 10:54