Rem Power dåp 1
STØRST I NORDVEST: Rem Offshore hadde størst omsetning av reiarlaga på Nordvestlandet i fjor. I sommar døypte dei nybygget Rem Power. Offshorereiarlaga får draghjelp frå vindkraftmarknaden. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lysare og lysare for offshore-reiarlaga

Pareto-meklar spår supersyklus i energimarknaden. Skipsmeklar er optimistisk. Sjå resultatoversikt.

NETT NO-barometeret:

Utgangspunktet er absolutt til stades for at det bør vere god stemning også hos offshore-reiarane når GCE Blue Maritime samlar maritim bransje til sin årlege Klyngekonferanse i Ålesund torsdag.

I samband med meklarhuset Pareto sin årlege energikonfereranse onsdag og torsdag denne veka, seier selskapet sin energimarknadsanalytikar Erik Kristiansen at han ser gode teikn for dei fleste delane av verdas energisystem. Han trur også at oljeprisen skal stige enda meir.

Byrjinga på ein supersyklus, seier Kristiansen til Dagens Næringsliv.

Spesielt optimistisk er han på vegne av oljeservicebransjen, som omfattar offshorereiarlaga.

Sjå resultat-tabell under

Friskmelde bransjen
I sommar offentleggjorde Sparebank1 SMN ein ny rapport om korleis banken vurdere tilstanden for offshorereiarlaga.

Der konkludere banken med at krisa som starta med oljeprisfallet i 2014 langt på veg er over.

Stigande rater løftar også skipsverdiane, og sidan i fjor sommar har offshoreflåten gått frå å vere mindre, til å vere meir verdt enn gjelda, anslo Henning Mostue. Han er bransjeansvarleg for offshore i Sparebank 1 SMN og utarbeidde analysen saman med kollega Anders Falch Dahl.

Årsrekord
Oljeprisen er no på sitt høgaste nivå sidan november 2022.

I starten av 2023 var prisen på eitt fat Nordsjøolje 82 dollar I starten av mai fall prisen under 72 dollar, som er den lågaste så langt i år. Frå slutten av juni har oljeprisen stort sett gått oppover . For tre dagar sidan kom årets prisrekord so langt på 94,51 dollar fatet.

Høgare rater
«På den norske siden av Nordsjøen er det betydelig mangel på tilgjengelige PSV-er, (plattformforsyningsskip, red. merk) noe som driver opp ratene. Vi forventer at ratene vil forbli høye»,
skriv Madeleine Røstad og Oliver J. Libaek i skipmeklarselskapet Simpson Spence Young i eit notat til NETT NO. Røstad står for vurderingea va marknaden for ankerhandteringsfartøy, Libaek for plattformforsyningsskip.

Ratane, det kundane betalar for å leige skipa, låg stabilt gjennom 250.000 og 300.000 kroner dagen i sommar, mot mellom 120.000 og 250.000 kroner i fjor sommar, ifølgje selskapet.

Draghjelp frå havvind
Etterspørselsvekst både i Nordsjøen og på verdsbasis, saman med at eldre skip forsvinn ut av marknaden er med på å løfte marknaden. I tillegg får bransjen draghjelp frå bygging og drift av vindkraftanlegg til havs.

Også for ankerhandteringsfartøy, som blir brukt til å flytte riggar og installasjonar, er utsiktene gode etter Simpson Spence Young si vurdering.

Venter «betydelig etterspørsel»
«Vi ser for det første en økende etterspørsel etter energiressurser som olje og gass, som vil føre til en betydelig etterspørsel i markedet. Dette gjelder også oppbyggingen av fornybare energiprosjekter, som f.eks Hywind Tampen som er den flytende vindparken som Equinor utbygger (...)

Neste år forventer vi et strammere marked oftere enn vi har hatt de to siste sommersesongene. Dette skyldes våre forventninger til et høyere behov», skriv selskapet i notatet.

  • Under vignetten NETT NO-barometeret, ser vi på korleis det går med bransjar på Nordvestlandet. Dette er tolvte artikkel med utgangspunkt i 2022-rekneskapa.
  • Les flere bransjesaker under
Offshorereiarlaga
Årsrekneskap. I mill. kroner
Driftsinntekt Resultat før skatt
2022 2021 2022 2021
DOF Subsea (konsern) 7335,0 4677,0 818,0 128,0
Solstad Offshore (konsern) 6500,1 5417,5 -1117,8 -1136,1
Eidesvik Offshore (konsern) 918,5 587,8 406,8 30,7
Simon Møkster Holding (konsern) 854,8 714,4 125,9 -20,2
Rem Offshore Holding (konsern) 841,3 288,5 22,2 39,9
Havila Shipping (konsern) 824,4 545,5 -112,7 65,7
Island Offshore Management (konsern) 818,2 767,4 31,2 373,1
Olympic Subsea (konsern) 665,3 551,9 505,4 -105,8
Voldstad Maritime Holding (konsern) 563,7 453,1 -141,8 -374,5
Siem Offshore * 274,3 254,5 27,5 101,9
Remøy Group (konsern) 228,1 288,8 -17,6 -1,4
Bourbon Offshore Norway Holding (konsern) 144 93,8 123,6 -48
Golden Energy Offshore Services (Konsern) 141,1 71,2 -57,9 -63
Østensjø rederi 100,6 91,5 5,0 4,2
Norwind Shipholding (konsern) 61,7 -9,2

Sum

20271,1 14802,9 608,6 -1005,5
* I US dollar
Offshorreiarlaga

1. halvår. I mill. kroner

Driftsinntekt
2023 2022 2023 2022
DOF Subsea (konsern)
Solstad Offshore (konsern) 3276,9 2206,8 457,5 -450,3
Eidesvik Offshore (konsern) 374 294,2 382,4 -110,4
Siem Offshore * 165,2 136,2 69,4 25,7
Golden Energy Offshore Services (Konsern) 77,8 59,9 -3,9 -86,5
DOF Group 5754 3976 1349 -391
Sum 10228,9 7108,3 2367,3 -995,1
*I US dollar

Les flere bransjesaker under:

Les også

Publisert: 21.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.09.2023 13:36

Mer om