Vard It infinity montasje Wilhelm eggesbo 11
OMBYGGING: Oppdraget med å bygge om tidlegare Volstad Princess frå ein PSV til eit kabelskip, er mellom oppdraga som har kome inn i ordreboka til Wilhelm Eggesbø og dei andre i Vard Services. Foto: Vard
Nytt

– Vi må seie nei til arbeid kvar veke

Mykje å gjere for nysatsing hos Vard. Ombygging av tidlegare Volstad-skip mellom oppdraga.

Marius Rosbach
25.03.2024

Nystarta Vard Services har nok å gjere med førespurnader på oppdrag i ettermarknaden.

Nyvinninga skal vere kontaktpunkt for alle kundar som kjøper skip frå Vard, og gi dei bistand gjennom heile livsløpet til fartøyet, ifølgje ei pressemelding frå Vard.

– Vi må seie nei til arbeid kvar veke og jobbar med mange ulike prosjekt som vi ikkje har skrive kontrakt på enno, fortel Wilhelm Eggesbø til NETT NO.

Han har tittelen senior vice president i den nye avdelinga som blei oppretta juli i fjor.

Bygger om tidlegare Volstad-skip
Ein av dei store drivarane for aktiviteten er reiarlag som vil bygge om brukte PSV-ar nytta i oljeservice, til havvindmarknaden.

– Vi hjelper vi dei med å finne sokalla «donorskip» som passar deira behov, fortel Eggesbø.

Eitt av dei siste oppdraga som kom inn i ordreboka til Vard Services, var ombygging av det tidlegare Volstad Maritime-skipet Volstad Princess.

PSV-en heitar no IT Infinity og skal byggjast om til eit spesialskip for legging av kablar. Dette oppdraget skal vere ferdig i løpet av tredje kvartal 2024.

Oppdrag for meir enn ein halv milliard
Vard Services er ikkje eit eige AS – men ei avdeling der konsernet har samla tenester som inkluderer både reparasjonar, ombyggingar, delesal og anna service.

I løpet av oppstartsåret 2023 fekk nysatsinga inn nye ordrar til ein verdi av 527 millionar kroner.

Ved å etablere Vard Services har det maritime konsernet samla tenestene for ettermarknaden. Slik skal dei sørge for at «kunden ikkje går seg vill» i møte med selskapet, ifølgje Eggesbø.

Publisert: 25.03.2024 11:37

Sist oppdatert: 27.03.2024 09:43

Mer om