Måløy-baserte Videonor slår seg saman med Telenor-startup-en appear.in og satsar i felles lokale i Oslo, men Videonor held fram som før frå Måløy.
- Ja, både eg og resten av leiinga held fram frå Måløy som før, seier adm. dir Øyvind Reed i Videonor.
Derimot vert selskapet sine fem Oslo-tilsette no samlokaliserte med dei tilsette i appear.in.
Videonor vart starta i 2010 i Måløy, og var mellom dei første i verda til å tilby skybasert videokonferanse til ein lav, månadleg kostnad.
Videonor har no kundar i over 50 land og hjelper konsern, startups, utdanningsinstitusjonar og andre aktørar med å kommunisere meir effektivt.
Les her:
appear.in har no 19 tilsette der tenesten vert brukt ti fem millionar samtalar i månaden fordelt på meir enn 150 land.
Videonor opplyser i pressemeldinga at ein ønskjer å styrke sin produktportefølgje med eit framtidsretta produkt.
- Vi har sett ein sterk vekst i bruken av videokonferanse, og trur det kjem til å auke ytterlegare framover, seier adm. dir. Øyvind Reed i Videnor.
- Det volumet appear.in har klart å skape blant brukarane sine, samt det faktum at dei er verdsleiande på WebRTC-teknologien, gjorde dette til ei mulegheit vi ikkje kunne seie nei til, seier Reed.
Dei to selskapa viser også til at ein i dag har eit internasjonalt team med 13 nasjonalitetar spreidde over sju lokasjonar og fire land, slik at begge selskapa er avhengige av sine eigne produkt for å samarbeide kvar dag, og forsøker konstant å bryte nye barrierer for korleis ein kan samarbeide distribuert.
Videonor omsette i 2016 for 20,4 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 4,6 millionar.
- Ja, både eg og resten av leiinga held fram frå Måløy som før, seier adm. dir Øyvind Reed i Videonor.
Derimot vert selskapet sine fem Oslo-tilsette no samlokaliserte med dei tilsette i appear.in.
Telenor-aksjonær
Videonor får gjennom oppkjøpet giganten Telenor inn som 30 prosent eigar i det felles selskapet. Hittil har Telenor vore heileigar av appear.in.Videonor vart starta i 2010 i Måløy, og var mellom dei første i verda til å tilby skybasert videokonferanse til ein lav, månadleg kostnad.
Videonor har no kundar i over 50 land og hjelper konsern, startups, utdanningsinstitusjonar og andre aktørar med å kommunisere meir effektivt.
Les her:
Starta som studentprosjekt
I ei pressemelding vert det opplyst at appear.in er ei gratis webbasert videokonferanseteneste som vart starta i 2013, som eit sommarstudent-prosjekt i Telenor. Men satsinga utvkla seg til ei global videkonferanse-teneste.appear.in har no 19 tilsette der tenesten vert brukt ti fem millionar samtalar i månaden fordelt på meir enn 150 land.
Videonor opplyser i pressemeldinga at ein ønskjer å styrke sin produktportefølgje med eit framtidsretta produkt.
- Vi har sett ein sterk vekst i bruken av videokonferanse, og trur det kjem til å auke ytterlegare framover, seier adm. dir. Øyvind Reed i Videnor.
Kunne ikkje seie nei
Han viser til at tradisjonelt vert det investert i dyre møteromsløysingar for videkonferanse, men han trur at mykje av veksten i bruk av video vil kome på PC-ar og mobiltelefonar til brukarane.- Det volumet appear.in har klart å skape blant brukarane sine, samt det faktum at dei er verdsleiande på WebRTC-teknologien, gjorde dette til ei mulegheit vi ikkje kunne seie nei til, seier Reed.
Dei to selskapa viser også til at ein i dag har eit internasjonalt team med 13 nasjonalitetar spreidde over sju lokasjonar og fire land, slik at begge selskapa er avhengige av sine eigne produkt for å samarbeide kvar dag, og forsøker konstant å bryte nye barrierer for korleis ein kan samarbeide distribuert.
Videonor omsette i 2016 for 20,4 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 4,6 millionar.
Både eg og resten av leiinga held fram frå Måløy som før
Publisert: 17.12.2017 20:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16