Dette viser Avinor siin flystatistikk for juli.
Talet på passasjerar som reiste over Ålesund lufthamn, Vigra vart redusert med 5,5 % i juli. Både trafikken innanlands og utanlands vart redusert samanlikna med same periode i 2015.
Totalt reiste 94.307 passasjerar over flyplassen i juli.
- Den store passasjerauken på ruta til Alicante, som har to avgangar i veka i år, klarer ikkje å kompensere for nedgangen til Tyrkia.
- I tillegg er ruta til Riga nedlagt, og København har hatt færre avgangar enn juli i fjor, seier Hånde.
Så langt i år har 609.979 passasjerar reist over Ålesund lufthamn, Vigra.
Hittil i år har det reist 60.887 over flyplassen, ein svikt på¨8,2 proent i forhold til året før.
Hittil i år er auken på 7,3 prosent og totalt passasjertal er 28.844.
Samanlikna med fjoråret, gjekk antal reisande på Avinor lufthamner i juli ned med 3,8 prosent på innland, medan utlandstrafikken auka med 1,4 prosent. Totalt reiste 4 662 316 passasjerar over Avinor sine lufthamner i juli.
Fullstendig trafikkstatistikk for Avinor finst her:
Talet på passasjerar som reiste over Ålesund lufthamn, Vigra vart redusert med 5,5 % i juli. Både trafikken innanlands og utanlands vart redusert samanlikna med same periode i 2015.
Totalt reiste 94.307 passasjerar over flyplassen i juli.
Færre Tyrkia-avgangar
Lufthamnsjef Tor Hånde opplyser at den viktigaste årsaka til svikten i utlanlandstrafikken er at talet på charteravgangar til Tyrkia er sterkt redusert samanlikna med fjoråret.- Den store passasjerauken på ruta til Alicante, som har to avgangar i veka i år, klarer ikkje å kompensere for nedgangen til Tyrkia.
- I tillegg er ruta til Riga nedlagt, og København har hatt færre avgangar enn juli i fjor, seier Hånde.
Pluss for innland
Hittil i år er det totalt ein nedgang på 2,8 %. Innland har auka med 1,3 %, medan utland har 12,8 % færre passasjerar enn i same periode i fjor.Så langt i år har 609.979 passasjerar reist over Ålesund lufthamn, Vigra.
Ned på Hovden
På Ørsta Volda lufthamn Hovden reiste det 7.789 passasjerar i juli. Det er 13,8 prosent færre enn i juli fjor.Hittil i år har det reist 60.887 over flyplassen, ein svikt på¨8,2 proent i forhold til året før.
Opp på Anda
På Anda lufthamn Sandane peikar pilane motsett veg. Her reiste det 3.962 passasjerar over flyplassen i juli, opp 10,7 prosent frå juli i fjor.Hittil i år er auken på 7,3 prosent og totalt passasjertal er 28.844.
Tromsø-pluss
På landsbasis aukar derimot utanlandstrafikken, medan innlandstrafikken går tilbake i juli. Unntaket er dei største lufthamnene i Nord-Norge, med Tromsø i spissen, som har ein markant auka i trafikktala i juli, både på utland og innland.Samanlikna med fjoråret, gjekk antal reisande på Avinor lufthamner i juli ned med 3,8 prosent på innland, medan utlandstrafikken auka med 1,4 prosent. Totalt reiste 4 662 316 passasjerar over Avinor sine lufthamner i juli.
Fullstendig trafikkstatistikk for Avinor finst her:
Publisert: 10.08.2016 14:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59