Viking Neptun fylte Vaagen
VÅGEN: Med sine 145 meter lengde og 31 meter breidde viste Viking Neptun godt igjen i Vågen i Stavanger.
Nytt

Viking Neptun fylte Vågen

Kleven-bygde Viking Neptun fylte Vågen i Stavanger under dåpen laurdag.

02.03.2015
Det 145,6 meter lange og 31 meter breie skipet er det største nokon gong frå Kleven.
Laurdag vart Eidesvik-reiarlaget sitt nye flaggskip døypt av gudmor Patricia Pilenko. Skipet går no rett i oppdrag for Technip på Gullfaks-feltet.
Vert med om bord i skipet.

Plass til 150 personar

230 inviterte gjestar deltok på dåpsseremonien, opplyser Kleven i ei pressemelding.
Nybygget er av designet Salt 301 OCV frå Salt Ship Design.
Skipet har ein lugarkapasitet til 150 personar og er utstyrt med to store offshorekraner – den eine på heile 400 tonn.
Skipet er også utstyrt med ein karusell for legging av fleksible rør, og denne har ein kapasitet på 4400 tonn. Med isklasse ICE 1B er Viking Neptun også førebudd for operasjonar i arktiske farvatn. Dekk-kapasiteten er på 2600 kvadratmeter.

Dåpsrush

Kontrakten om bygging av fartøyet vart offentleggjort i juni 2012, og hadde ein kontraktspris på 1,2 milliardar kroner.
Dette var den første av åtte båtdåpar på Kleven på fire månader.
Les meir om dåpsrushet for Kleven .

Publisert: 02.03.2015 13:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41