- Tradisjonelt vert mykje av den eksporterte fisken til Kina reprossesert og send til USA og EU. Så lenge USA er i handelskrig med Kina, har både vi sjølve og kundande våre i Kina vore meir forsiktige.
Det seier dagleg leiar Bjørn Otterlei i salsselskapet Polar Seafrozen.
Han seier at det er viktig at Norge får til ein handelsavtale med Kina.
- Ja, det er viktig, for å kunne ha forutsigbare rammebetingelsar. Det vil også vil gjere det lettare å nå den kinesiske marknaden med nye produkt og fiskeslag.
- Vi ser at kinesarane vert stadig meir opptatt av å bruke arbeidskrafta si til meir fornuftige gjeremål enn reprosessering av fisk.
Herøy-selskapet har satsa stort på sal av fisk og sjømatprodukt til Asia, men omsetninga i fjor vart redusert med 66 millionar kroner i forhold til 2017.
Totalt vart det eksportert sjømat for 293 millionar kroner. Asia stod i fjor for 55 millionar kroner av eksporten, mot 75 millionar året før. Klart mest av eksporten gjekk til Europa, i hovedsak kvitfisk til England.
- Vi er slett ikkje fornøgd med fjoråret, seier Otterlei.
- Ja, reke-eksporten utgjorde minst 25 millionar kroner.
Otterlei kan fortelje om ein langt betre start i år.
- Hittil ser det bra ut. Vi har fått på plass ein god del avtalar som vi har jobba med lenge. Om det held fram slik det no ser ut, vil vi få eit godt år.
- Ja, vi har hittil ikkje hatt så stort fokus på Nord-Amerika, men her kjem vi nok til å satse meir framover.
Polar Seafrozen sel tradisjonelle fiskeprodukt, men har også satsa på kongesneglar, snøkrabbe og andre produkt.
- Vi har mykje spennande på gang, seier Vågsholm.
Selskapet har avdelingskontor i Esbjerg.
Selskapet er i praksis gjeldfritt, og eigarane kan no fordele eit utbyte på 1,5 millionar kroner etter fjoråret.
Største aksjonær er Anders Per Vågsholm med 33 prosent, føre Bjørn Otterlei med 21,6 prosent og Overseas Partners ved Chun Ling Wang med 20 prosent.
Øvrige aksjonærarer er Ramona Brandlistuen Remøy, Marit Røren Søvik og Arve Moltubakk.
Det seier dagleg leiar Bjørn Otterlei i salsselskapet Polar Seafrozen.
Han seier at det er viktig at Norge får til ein handelsavtale med Kina.
- Ja, det er viktig, for å kunne ha forutsigbare rammebetingelsar. Det vil også vil gjere det lettare å nå den kinesiske marknaden med nye produkt og fiskeslag.
Mindre kinesisk reprosessering
Salssjef Anders Per Vågsholm har stor tru på den kinesiske marknaden, men trur at andelen av reprosessering vil gå ned.- Vi ser at kinesarane vert stadig meir opptatt av å bruke arbeidskrafta si til meir fornuftige gjeremål enn reprosessering av fisk.
Herøy-selskapet har satsa stort på sal av fisk og sjømatprodukt til Asia, men omsetninga i fjor vart redusert med 66 millionar kroner i forhold til 2017.
Totalt vart det eksportert sjømat for 293 millionar kroner. Asia stod i fjor for 55 millionar kroner av eksporten, mot 75 millionar året før. Klart mest av eksporten gjekk til Europa, i hovedsak kvitfisk til England.
- Vi er slett ikkje fornøgd med fjoråret, seier Otterlei.
God start på året
Han fortel at i tillegg til omsetningsnedgang i Kina, miste ein også salet frå ein reketrålar.- Ja, reke-eksporten utgjorde minst 25 millionar kroner.
Otterlei kan fortelje om ein langt betre start i år.
- Hittil ser det bra ut. Vi har fått på plass ein god del avtalar som vi har jobba med lenge. Om det held fram slik det no ser ut, vil vi få eit godt år.
Nye produkt
Medan salet til Asia og Europa er redusert, har derimot salet til Nord-Amerika auka, og kom i fjor opp i 25 millionar.- Ja, vi har hittil ikkje hatt så stort fokus på Nord-Amerika, men her kjem vi nok til å satse meir framover.
Polar Seafrozen sel tradisjonelle fiskeprodukt, men har også satsa på kongesneglar, snøkrabbe og andre produkt.
- Vi har mykje spennande på gang, seier Vågsholm.
Færøyane
Fosnavåg-selskapet har sju tilsette. I tillegg til sal av sjømat frå norske aktørar, kjøper dei også sjømatprodukt frå reiarar på Færøyane.Selskapet har avdelingskontor i Esbjerg.
Selskapet er i praksis gjeldfritt, og eigarane kan no fordele eit utbyte på 1,5 millionar kroner etter fjoråret.
Største aksjonær er Anders Per Vågsholm med 33 prosent, føre Bjørn Otterlei med 21,6 prosent og Overseas Partners ved Chun Ling Wang med 20 prosent.
Øvrige aksjonærarer er Ramona Brandlistuen Remøy, Marit Røren Søvik og Arve Moltubakk.
Vi har fått på plass ein god del avtalar som vi har jobba med lenge
Publisert: 07.05.2019 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34