Stadt Forsvars og Sikkerhetsindustriens forening august 2021 foto stadt 11
GJERDSVIKA: Stadt-sjef og eigar Hallvard Slettevoll flankert av dei andre deltakarane på strategisamlinga til Forsvars- og Sikkerhetsindustriens forening. Foto: Stadt
Nytt

– På oppløpssida med fleire store prosjekt

Stadt er ei av 150 bedrifter som leverer til forsvars- og sikkerheitsindustrien. I år blei strategien lagt i Gjerdsvika.

Marius Rosbach
30.08.2021

Stadt i Gjerdsvika var nyleg vertskap for den årlege strategisamlinga til Forsvars- og Sikkerhetsindustriens forening (FSi). Sande-bedrifta er ein av kring 150 medlemar i foreininga – og per i dag den einaste som er lokalisert mellom Bergen og Trondheim.

Etter eit tøft år i fjor har det begynt å losne i marknaden.

– Vi er på oppløpssida på fleire store prosjekt som skal avklarast i dei neste vekene, fortel Stad-sjef Hallvard Slettevoll til NETT NO.

Stor nytte av medlemskapen
Slettevoll fortel at Stadt har stor nytte av medlemsskapen i foreininga som skal jobbe for å sikre meir sal til forsvarsleverandørane.

– Dei arbeider for å styrke bedriftene sine moglegheiter for sal, både i Norge, og ikkje minst internasjonalt, gjennom å vere bindeledd mot myndigheiter, arrangere felles messer og andre aktivitetar, opplyser han.

Under strategisamlinga ga FSi-direktør Torbjørn Svendsgård uttrykk for at Gjerdsvika-bedrifta er ein viktig bidragsytar for å betre eigeskapane til militære skip, både i Norge og allierte land.

Sikra kontrakt med forsvaret
I fjor sikra Stadt sikra seg ei utviklingskontrakt med Forsvarsdepartementet og Sjøforsvaret. Ein gjennomgang av dette arbeidet var også eit viktig punkt på dagsorden under samlinga, fortel Slettevoll.

Sjef for forretningsutvikling, John Olav Teige, presenterte også Stadt sine nullutsleppsløysingar for sivile og militære skip.

Publisert: 30.08.2021 11:52

Sist oppdatert: 30.08.2021 11:57

Mer om