Vil bytte elbilstoette med industristoette
SATS PÅ VIND: Tore Ulstein (t.h.) og  sals-og marknadsdirektør Lars Ståle Skoge i dokkhallen på Ulstein Verft, der utrustninga av og Nexans kraftkabelleggar er i gang. Staten bør bidra til å sikre Noreg og norsk næringsliv posisjon i denne marknaden, meiner Tore Ulstein i Ulstein Group.
Nytt

Vil bytte elbilstøtte med industristøtte

I staden for å gi avgiftslette til elbilkjøparar burde staten støtte miljøvennleg industriproduksjon, som skapar arbeidsplassar i Noreg, meiner Tore Ulstein i Ulstein Group.

06.07.2020
- Når ein brukar 7,5 milliardar kroner på noko så bør vi bruke det på noko som gir meir i form av arbeidsplassar, seier Tore Ulstein om elbilstøtta.
7,5 milliardar kroner er anslaget på kva staten taper av avgiftsinntekter på å favorisere elbil-kjøp. Målt i veksten i talet på elbilar er det ein suksess, men som industripolitikk er det feil, slik Ulstein ser det.

Skifta til elbil

Ulstein har bytta bensindriven bil med batteridriven - med avgiftslette. Han er godt fornøgd både med byttet og rabatten som avgiftsletta inneber samanlikna med fossildriven bil for han personleg, men vil likevel ha ei anna prioritering.
- I forhold til industripolitikk er det heilt feil, seier han.
Ved å støtte utvikling av norsk industri kunne miljøgevinsten blitt minst like stor, samstundes som vi fekk arbeidsplassar med på kjøpet, etter Ulstein si vurdering.

Godt posisjonert

Ved kaia hos Ulstein Group ligg det første ekspedisjonscruiseskipet bygd for Lindblad Expeditions og nok eit skal byggast. Men koronakrisa har gjort sjansane minimale for mange slike kontraktar i næraste framtid.
Marknaden for bygging av nye skip er genrelt laber, så laber at det er snakk om eit historisk botnnivå, ifølgje Ulstein.

Likevel er han optimist på Ulstein Group sine vegne, fordi selskapet har utvikla ei serie farty for alle operasjonane som skal til for bygging, drift og vedlikehald av vindkraftanlegg til havs - frå tungløftfarty og servicefartøy til kraftkabelleggingsskip og fartøy som legg beskyttande steinlag rundt installasjonar på havbotnen.

Statleg satsing

Ulstein seier Noreg og den maritime næringa treng nye arbeidsplassar no, spesielt på grunn av koronakrisa. Han meiner det er eit unikt høve for staten til å medverke til at Noreg tek ei viktig rolle i vindkraftmarknaden til havs, ein marknad med eit verdsomfemnande potensiale.
Eitt verkemiddel kan vere å opprette eit statleg vindkraftselskap etter same modell som Statoil (no Equinor) som blei oppretta tidleg i oljealderen. Målet er å vere med og utvikle ein heimemarknad for havbasert vindkraftproduksjon, som vil støtte opp under ei sterk eksportnæring.
Ulstein etterlyser ein klarare vilje til å stimulere ei langsiktig næringsutvikling, og meiner det er rett og naudsynt at staten bidreg med støtte for å skape ein marknad og etterspørsel, får kostnadane ned og gjer produksjonen lønsam. Det er det som har skjedd for botnfaste vindkraftinstallasjonar til havs, og som Ulstein og trur vil kunne skje til dømes for flytande vindkraftanlegg på større djup og for hydrogenproduksjon basert på vindkraft.
Utgangspunktet for å lukkast er godt meiner Ulstein, mellom anna fordi norske bedrifter i vindkraftbransjen kan bygge på teknologi som er utvikla av olje- og gassindustrien, som i sin tur delvis baserte seg på teknologi frå fiskerinæringa tilbake på 60- og 70-talet.
-No er tida for neste skifte, der vi byggjer på olje og gasskompetanse, seier Ulstein.
Når ein brukar 7,5 milliardar kroner på noko så bør vi bruke det på noko som gir meir i form av arbeidsplassar

Publisert: 06.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59