Osdalen kraftverk
OSDALEN: Tussa sine kraftverk produserte 889 GWh elektrisk kraft i 2022. Her frå Osdalen kraftverk. Foto: Tussa
Nytt

Tussa slo alle rekordar

Passerte milliarden, dobla resultatet og dryssar utbyte til kommunane på søre Sunnmøre.

01.04.2023

Tussa slo alle tidlegare rekordar i fjor. Det er godt nytt for eigarkommunane, som kan fordele eit utbyte på 53,3 millionar kroner.

Samla hadde kraftselskapet driftsinntekter på nesten 1,2 milliardar kroner, medan resultatet før skatt enda på 305,6 millionar. Det er ei dobling frå 2021.

(saka held fram etter tabellen)

Tussa
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 1192,6 966,3
Driftsresultat 355,8 167,6
Resultat før skatt 305,6 153,6

Produserte meir kraft
Tussa produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, tilbyr IT-tenester og installasjonstenester. Tussa opplyser i ei pressemelding at i 2022 viste alle forretningsområda auke i omsetninga i høve til 2021. Innanfor kraftproduksjon var auken spesielt stor, noko som i hovudsak skuldast høgare kraftprisar og auka produksjonsvolum.

Tussa sine vasskraftverk hadde høg oppetid og lite driftsavbrot i 2022, og det vart produsert 889 GWh elektrisk kraft, mot 609 GWh i 2021. Året starta med magasinfylling på om lag 118 prosent, og avslutta med 85 prosent av normalfylling. I 2022 var gjennomsnittleg spotpris i området vårt 42,8 øre/kWh, om lag det same som i 2021, då gjennomsnittleg pris var 42,0 øre/kWh.

Meir skatt
Kraftproduksjonen fekk eit driftsresultat på 233,7 millionar kroner i 2022, mot 77,7 millionar året før. Resultat før skatt vart 214,8 millionar kroner, mot 86,3 millionar i 2021.

Tussa viser til at total skattekostnad i 2022 vart på 173,8 millionar kroner, mot 82,7 millionar i 2021. Dette utgjer 56,9 prosent av resultatet før skatt, og for forretningsområdet kraftproduksjon er tilsvarande 68,9 prosent.

Den høge skatteprosenten skuldast høg kraftpris, høgt produksjonsvolum, høgprisavgift og auke i grunnrentesatsen. Grunnrenteskatten utgjer 87,8 millionar kroner av den totale skattekostnaden for konsernet, mot 50,5 millionar kroner i 2021.

Elling Dybdal Tussa datasenter
REKORD: Konsernsjef Elling Dybdal i Tussa kan leggje fram rekordtal for 2022. Foto: Tussa

Tente godt på IKT
Driftsresultatet for installasjonsverksemda vart 13,6 millionar kroner i 2022, og resultatet før skatt vart 12,2 millionar. Tussa opplyser at marknaden er framleis prega av hard konkurranse, men at selskapet oppleverer høg aktivitet og utsiktene framover er gode.

Forretningsområdet IKT fekk eit driftsresultat på 41,8 millionar kroner i 2022, medan resultatet før skatt vart 32,1 millionar. Det var omsetningsvekst både innanfor kommunikasjonsprodukt og IT-produkt, der kommunikasjonsprodukt. Selskapet meiner det er potensiale for ytterlegare vekst innanfor begge forretningsområda.

Ørsta kommune er største eigar i Tussa med 32,2 prosent av aksjane, medan Herøy eig 15,6 prosent og Volda 14,8 prosent.

Andre eigarar er Stryn (7,0), Hareid (6,1), Ulstein (2,5), Sande (0,8) og Vanylven (0,6), i tillegg til KLP (13,9).

Tussa har ein eigenkapital på 1371,4 millionar kroner.

Publisert: 01.04.2023 06:23

Sist oppdatert: 13.04.2023 11:03

Mer om