Dette seier Herøy-reiar Paul Harald Leinebø i Leinebris AS. Saman med reiarkollega Åge Uran satsar no Leinebø på å byggje ein supermoderne kombinert garn- og linebåt ved Tersan Shipyard i Tyrkia.
- Vi er stolte av å vere linefiskarar. Du finn ikkje betre sjøfolk og fiskarar enn linefiskarane. Gjennom denne satsinga ønskjer vi å vere mellom spydspissane i den norske fiskerinæringa.
Satsinga inneber at det vert att ein linebåt i fiskerikommunen Herøy.
- Det er litt vemodig at vi er den siste linebåten her, men vi har sett liknande utvikling andre stader i landet. Det er ikkje mange år sidan det var 100 linebåtar i Norge. No er vi færre enn 30 og nærmar oss fort 20, seier Leinebø.
- Vi har ikkje statlege støtteordningar, slik ein har for bygging av offshorefartøy.
- Det er også arbeidskrevjande å drive ein linebåt, spesielt for små familieselskap, og mange eigarar har seld unna og fordelt gevinsten.
- I tillegg er det mindre motiverande å drive til mindre linemiljøet vert.
Totalt vil rundt 35 fiskarar verte sysselsette om bord i den nye linebåten. Ein av dei er Leinebø sin eigen son Christer, som er ein av skipperane. Han har også andre familiemedlemer om bord, medan andre arbeider i familieselskapet på land, mellom anna dottera Lisa og svigersonen Daniel Harbo Pineiro.
- For meg er det inspirerande å sjå at nye generasjonar tek etter, seier Leinebø.
- Fisken vi fiskar kjem sprell levande om bord, bløgga med det same og kjem i kartongar i fryseromet etter maksimalt fire timar.
Gjennom nysatsinga har kvotene til «Leinebris» og «Urevaag» vorte samla i eitt felles kombinasjonsfartøy for autoline og garn. Leinebø seier at dei to selskapa har hatt eit godt samarbeide dei siste åra, men heving av kvotetaket i havfiskeflåten frå tre til fem var avgjerande for at dei to selskapa valde å gå saman.
- Saman står vi sterkare enn nokon gong for å drive med det vi kan; linefanga kvalitetsfisk frå Norge, seier han.
Vidare vil fartøyet få en helt nyutviklet dragebrønnsløysing som vil vere spesielt tilpassa haling av drivgarn og line.
- Ingen har drege garnet gjennom dragebrønnen før, så også her vil vi vere heilt i front. Dette vil gjere oss endå meir effektive, seier Leinebø.
Båten er utforma etter strenge helse-, arbeidsmiljø- og sikkerheitskrav for mannskap. Det er høg komfortklasse i lugarar og anna innreiing. På toppen av styrehuset er det ein eigen «Sky Lounge» med 360 grader utsikt.
Båten får ei lengde på 58 meter, ei bredde på 13,40 meter og vil vere innreidd for 24 personar. Nybygget vert finansiert av SpareBank 1 SMN, SpareBank 1 Nordvest og Innovasjon Norge.
Levering vil skje på vårparten 2015.
- Vi er stolte av å vere linefiskarar. Du finn ikkje betre sjøfolk og fiskarar enn linefiskarane. Gjennom denne satsinga ønskjer vi å vere mellom spydspissane i den norske fiskerinæringa.
Satsinga inneber at det vert att ein linebåt i fiskerikommunen Herøy.
- Det er litt vemodig at vi er den siste linebåten her, men vi har sett liknande utvikling andre stader i landet. Det er ikkje mange år sidan det var 100 linebåtar i Norge. No er vi færre enn 30 og nærmar oss fort 20, seier Leinebø.
Utfordingar
Han meiner det finst fleire grunnar til at så mange har gitt seg på kort tid. Ein hovedgrunn er kravet til eigenkapital ved modernisering. Mykje kapital vert brukt til kvotekjøp.- Vi har ikkje statlege støtteordningar, slik ein har for bygging av offshorefartøy.
- Det er også arbeidskrevjande å drive ein linebåt, spesielt for små familieselskap, og mange eigarar har seld unna og fordelt gevinsten.
- I tillegg er det mindre motiverande å drive til mindre linemiljøet vert.
Bra løn
Sjølv har Leinebø gått på land, men han ønskjer å avlive myten om at linefiskaranet tener dårleg.- I fjor tente dei av våre folk som var med heile året over ein million kroner, medan ein passerte halvmillionen om ein var med halve året. Dette er betre enn i supply, og vi har skiftordning med faste datoar for turnusskifte kvar femte veke.Totalt vil rundt 35 fiskarar verte sysselsette om bord i den nye linebåten. Ein av dei er Leinebø sin eigen son Christer, som er ein av skipperane. Han har også andre familiemedlemer om bord, medan andre arbeider i familieselskapet på land, mellom anna dottera Lisa og svigersonen Daniel Harbo Pineiro.
- For meg er det inspirerande å sjå at nye generasjonar tek etter, seier Leinebø.
Kvalitetsfisk
Gjennom selskapet PHL Service sel selskapet også sin eigen fisk.- Det er aukande etterspurnad etter kvalitetsfisk frå lineflåten. Vi har seld mykje til land som USA, Skottland, Canada, Spania og Kina, men no er den norske marknaden også i ferd med å kome etter.- Fisken vi fiskar kjem sprell levande om bord, bløgga med det same og kjem i kartongar i fryseromet etter maksimalt fire timar.
Gjennom nysatsinga har kvotene til «Leinebris» og «Urevaag» vorte samla i eitt felles kombinasjonsfartøy for autoline og garn. Leinebø seier at dei to selskapa har hatt eit godt samarbeide dei siste åra, men heving av kvotetaket i havfiskeflåten frå tre til fem var avgjerande for at dei to selskapa valde å gå saman.
- Saman står vi sterkare enn nokon gong for å drive med det vi kan; linefanga kvalitetsfisk frå Norge, seier han.
Ny dragebrønnløysing
Det supermoderne fartøyet er utvikla av Skipsteknisk AS i samarbeid med eigarane. Skipet vil mellom anna få eit nytt dieselelektrisk framdriftssystem bestående av ein nedsenkbar azimuth propell framme og ein frekvensstyrt framdriftsmotor tilknytta gir/hoved-propell i hekken.Vidare vil fartøyet få en helt nyutviklet dragebrønnsløysing som vil vere spesielt tilpassa haling av drivgarn og line.
- Ingen har drege garnet gjennom dragebrønnen før, så også her vil vi vere heilt i front. Dette vil gjere oss endå meir effektive, seier Leinebø.
Båten er utforma etter strenge helse-, arbeidsmiljø- og sikkerheitskrav for mannskap. Det er høg komfortklasse i lugarar og anna innreiing. På toppen av styrehuset er det ein eigen «Sky Lounge» med 360 grader utsikt.
Båten får ei lengde på 58 meter, ei bredde på 13,40 meter og vil vere innreidd for 24 personar. Nybygget vert finansiert av SpareBank 1 SMN, SpareBank 1 Nordvest og Innovasjon Norge.
Levering vil skje på vårparten 2015.
Du finn ikkje betre fiskarar og sjøfolk enn linefiskarane
Publisert: 17.11.2013 17:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30