Næringsforeininga i Ålesund tek grep etter å ha undersøkt korleis utlendingar opplever regionen.
– Det som går igjen, er at det er vanskeleg å bli ein del av lokalsamfunnet og kome innunder huda på sunnmøringane, seier Heidi Nakken til NETT NO.
Leiaren i næringsforeininga i Ålesund fortel kva dei fann ut då dei spurde personar med utanlandsk bakgrunn i arbeidslivet om korleis dei opplevde å flytte til distriktet.
Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
Resultata understreka at arbeidet med å rekruttere fleire folk til bedrifter i regionen ikkje berre handlar om å få folk hit. Dei må også bli verande.
– Om vi ikkje klarer å inkludere folk betre enn vi gjer i dag, så går det i neste omgang ut over omdømet vårt. Det vil stadfeste eit bilde av oss som eit lukka og litt «satt» miljø, seier ho.
Vil lage eit introduksjonstilbod
Då dei spurde bedrifter med utanlandske tilsette om dei meinte det var behov for ei form for introduksjonstilbod, var tilbakemeldinga positiv.
Resultata gjorde at Nakken og dei andre i næringsforeininga sette i gang med å meisle ut eit opplegg dei førebels har kalla «New in Ålesund».
– Vi skal sjå om det kan vere aktuelt med eit kurs eller eit program der dei som kjem hit for å jobbe skal kjenne seg meir inkludert, seier Nakken.
– Folk må også gjere ein innsats sjølve, men kanskje vi kan få til nokre lågterskeltilbod der dei kan møte andre i same situasjon. Eg trur vi kan bruke lag og organisasjonar – der eg også trur det ofte er eit ønske om å få inn fleire som er engasjerte i arbeidet dei gjer, legg ho til.

Vil starte opp på nyåret
Nakken fortel at dei først vil sette saman ei form for rådgivande organ for å hjelpe til med å finne ut konkret kvar skoen trykker.
Der vil ho ha inn både HR-leiarar frå næringslivet og folk frå organisasjonslivet, saman med firma som allereie jobbar med rekruttering til regionen.
– Vi ønsker å få vite meir om kvar utfordringane ligg, før vi går i gang. Samtidig som vi kan justere kursen undervegs, seier Nakken.
- Les under - Tre utlendingar om arbeidslivet på Nordvestlandet - les kva dei meiner kan gjerast betre
Vil ha færre byråkratiske hinder
Leiaren i næringsforeininga meiner òg at forenklingar i møte med det norske byråkratiet kan lette situasjonen for utlendingar som kjem hit.
– Ein stor del av utfordringa er systemet for å konvertere utdanning frå utlandet, seier Nakken.
Ho fortel om folk som har opplevd å vente i årevis på å få godkjenning slik at dei kan jobbe som sjukepleiar her til lands. Det kan også vere ei utfordring å få godkjenning av sertifikat for å få jobb i transportbransjen.
Kan ikkje handplukke folk
Manglande ferdigheiter i norsk språk er ofte ein barriere for utlendingar som vil ha jobb. Det meiner Nakken det er fullt mogleg å gjere noko med.
– Vi likar å seie at vi er eit internasjonalt næringsliv, men det er veldig få bedrifter som har engelsk som arbeidsspråk, seier ho.
Samtidig peiker Nakken på at det ikkje er alle yrke der ein er avhengig av å kunne språket.
– Vi er no i ein situasjon der vi ikkje lenger kan handplukke dei vi aller helst vil ha. Kanskje må vi som samfunn jobbe litt med oss sjølve og senke krava – for eksempel å tole at ein røyrleggar ikkje kan flytande norsk, legg ho til.
- Tre utlendingar om arbeidslivet på Nordvestlandet - les kva dei meiner kan gjerast betre:

Lara Bromann (30), oppvaksen i Tyskland
Som koordinator for doktorgradsstipendiatar ved NTNU i Ålesund kjem Lara Bromann i kontakt med mange av dei smartaste folka som kjem til Nordvestlandet for å studere.
– Det aller viktigaste er å lære språket. Det er heilt avgjerande og ein nøkkelkompetanse for å lukkast i arbeidslivet – spesielt her i regionen, seier 30-åringen om kva ho meiner er viktig for utlendingar som kjem til regionen.
Bromann har vakse opp i Tyskland og er ikkje overvettes begeistra over korleis nordvestlendingar tek imot utlendingar.
– Mange høgt utdanna ønsker jobb i Ålesund, men finn ikkje arbeid, fortel Bromann til NETT NO.
Uansett meiner ho språket er avgjerande – og at nordmenn flest er temmeleg introverte.
– Folk er mykje meir opne om du prøver å snakke norsk, og du får ein annan tilgang til folk sine liv, seier meiner ho.
Frå arbeidstakaren si side gjeld det å kaste seg ut i det sosiale livet og skaffe seg eit nettverk.
Frå arbeidsgivaren si side trur Bromann mykje handlar om å vere synleg – og ha eit ope sinn i rekrutteringsarbeidet.
– Eg opplever at industrien kvir seg litt for å tilsette utlendingar, dei går heller for lokale kandidatar sjølv om dei har dårlegare kvalifikasjonar, seier ho.
Ho kom sjølv til Ålesund som doktorstipendiat i 2021. At berre eit fåtal i hennar situasjon vel å bli i Ålesund, meiner ho er eit nederlag.
– Noreg brukar kring ni milliardar på doktorgradsutdanningar, og så reiser halvparten frå landet etterpå. Det gjer ikkje berre at staten tapar pengar. Det er også ein hjerneflukt som er problematisk, seier Bromann.

Natalia Øvstegård (44), oppvaksen i Belarus
Natalia Øvstegård hadde to bachelorgradar med fordjuping då ho kom til Noreg, men den første jobben hennar var som lagermedarbeidar i halv stilling.
– Vi pleier å spøke med at Sunnmøre truleg har dei best utdanna barnehage- og butikkmedarbeidarane. Veldig mange utlendingar hamnar i slike jobbar, seier ho.
Det kan føre folk inn i ein negativ spiral, som går utover psyken og sjølvtilliten. Øvstegård meiner at sjølv om det er viktig å få folk i arbeid, bør Nav-reglane vere mindre firkanta og sjåast i eit større perspektiv.
– Systemet slik det fungerer i dag, er ofte krevjande og lite tilpassa menneske – det verkar meir som ei maskin enn eit støtteapparat.
Den Belarus-fødde kvinna meiner nettverk er avgjerande. Sjølv er ho gift med ein nordmann, men har opplevd at nettverket hennar blei avgrensa til familien.
Det var noko av årsaka til at ho vart med og etablerte Sunnmøre International Business Network saman med fleire andre i same situasjon.
– Dei aller fleste som kjem hit frå utlandet, går gjennom det same. Det er veldig krevjande å skaffe seg nettverk både fagleg og sosialt – og du møter ofte ein skepsis hos folk, fortel Øvstegård.
Ho meiner at arbeidsgivarar, særleg på Sunnmøre, ofte er konservative når dei rekrutterer.
Inntrykket hennar er at mange helst vil tilsette nokon med lokal tilknyting eller som kjenner nokon som kan «gå god for dei».
Øvstegård har samtidig opplevd at Sunnmøre International Business Network kan vere ein slik garantist for dei som ikkje har andre rundt seg.
Ho er overtydd om at det er eit stort unytta potensial for bedrifter til å rekruttere utlendingar i ein av dei mest eksportretta regionane i landet.
– Vi har jo allereie mange med verdifull kjennskap til marknadene vi eksportere til, både fagleg og når det gjeld regelverk og kultur.
– Eg ser at det blir arrangert tiltak i regi av næringsforeininga, som «Bli med hit», for å få folk til å flytte tilbake frå Oslo og andre stader, men det er allereie eit stort potensial i regionen som dei færraste kjenner.
Ho meiner ei ordning som svenskane har, også bør vurderast her til lands. Der tilbyr staten seg å dekke ein del av lønna til ein utanlandsk tilsett i opptil eit halvt år.

Amrit Bhullar (43), oppvaksen i Storbritannia
Amrit Bhullar hadde ein dose flaks då ho kom flyttande til Noreg og starta å jobbe i dåverande Rolls-Royce.
– Vi hadde eit eige utlendingsbord, og det var vanskeleg for oss å kome over på lunsjbordet til nordmennene. Men ein kollega tok meg med og inkluderte meg, seier Bhullar.
Den London-fødde kvinna trur ikkje at dei andre kollegaene var negativt innstilte – men at dei ikkje var bevisste på kva innverknad dei kunne ha.
Bhullar fortel at det er vanleg at samtalen skiftar til engelsk når det kjem ein som ikkje snakkar norsk, inn i rommet. Ho peiker på at store selskap kan ha ein fordel.
– Det er fullt mogleg for heile avdelinga å snakke engelsk medan den nye tilsette lærer seg språket, seier ho.
Ho meiner samtidig at det kan vere uheldig at utlendingar som kjem til regionen, lærer å snakke bokmål på norskkurs.
– Om ein skal jobbe på Sunnmøre, kan det vere vanskeleg å forstå dialekta til folk, seier ho.
Etter ei periode som leiar i Vard skal Bhullar over i ei ny rolle som toppsjef i det svenske selskapet Oceanbird. Ho fortel at ho allereie merkar skilnaden mellom Nordvestlandet og Stockholm.
– Her på Sunnmøre er folk mykje meir direkte, meiner ho.
Å spørje folk om kvar dei kjem frå, slår ikkje alltid heldig ut.
– Eg forstår at folk er nysgjerrige, men eg opplever slike spørsmål som eit teikn på at eg ikkje er inkludert, seiar Bhullar.
– Begge sider må hjelpe kvarandre til å oppklare misforståingar som kan oppstå i slike situasjonar, legg ho til.
Publisert: 05.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 02.01.2026 19:55






