IKKJE BRUK NTB i D Roie X3 QL8 1 Foto Gorm Kallestad NTB
OPPOSISJONSKRAV: Ap-leiar Jonas Gahr Støre i Stortinget i samband med ein debatt tysdag om rapporten til koronakommisjonen. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Vil granske intensivkapasiteten

Opposisjonen sender ny bestilling til koronakommisjonen.

05.05.2021

NPK-NTB: Eit fleirtal på Stortinget vil be koronakommisjonen sjå på intensivkapasitet, kommunehelsetenesta og situasjonen for eldre og funksjonshemma.

Det er klart etter at Framstegspartiet tysdag ettermiddag signaliserte støtte til tre forslag frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Stortinget vil be koronakommisjonen om å:

* vurdere behovet for sengekapasitet og intensivberedskap

* vurdere situasjonen for legar i kommunane

* gjennomgå konsekvensane for eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

Granske vaksinasjonsstrategi
Framstegspartiet får støtte frå regjeringspartia til å be koronakommisjonen om å granske den norske vaksinasjonsstrategien.

Parlamentarisk leiar i Høgre Trond Helleland stadfestar overfor NTB at regjeringspartia vil stemme for Frps forslag i Stortinget om å granske vaksinasjonen. Vilkåret er at koronakommisjonen får oppdraget.

Nestleiar i Frp Sylvi Listhaug seier partiet ikkje har noko problem med dette vilkåret.

– For oss speler det ikkje noka stor rolle kven som gjer jobben, seier Listhaug til NTB.

Publisert: 05.05.2021 07:00

Sist oppdatert: 05.05.2021 08:34

Mer om