Vil ha endaa mindre uerfiske
Uerbestanden er rekordlåg, og forskarar vil stramme inn uttaket.
Nytt

Vil ha endå mindre uerfiske

Sidan 1990-talet har bestanden av uer gått kontinuerleg ned. No er bestanden på eit botnnivå og forskarar vil stramme inn allereie strenge reguleringar.

20.06.2016
(NPK): – Situasjonen for vanleg uer no er alvorleg. Derfor ser vi ikkje nokon annan utveg enn at vi må avgrense uttaket ytterlegare, åtvarar forskar Kjell Nedreaas ved Havforskingsinstituttet til NRK.
No er uerbestanden rekordlåg, viser ein ny statusrapport frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Det er heller inga nyrekruttering som kjem inn i den fiskbare bestanden.
Og det blir fanga fem gonger meir uer enn tilrådd, forklarer Nedreaas, som ikkje er i tvil om at allereie strenge reguleringar må strammast endå meir inn.
– Vi ser ikkje teikn til betring, sjølv med dagens reguleringar. Derfor må vi dessverre vurdere om det må skjerpast inn endå meir, sjølv om fiskerinæringa er kritisk.
I dag er det berre såkalla bifangst av uer som er tillatt, og ikkje direkte fiske. Det vil seie at fiskarane eigentleg er ute etter annan type fisk, men samtidig får uer i same fangsten.

Slutt på fritidsfiske?

Når det gjeld fritidsfiske av uer, er det derimot ingen avgrensingar. Men no vil forskarane ha nullfiske.
– I ytste konsekvens må det bli slutt på fritidsfiske av denne arten i sommarmånadene. Vi veit at vanleg uer er populær, men vi burde hatt ei betre oversikt over kor mykje som vert teke opp av fritidsfiskarar, for det manglar vi i dag, seier Nedreaas. (©NPK)
Vi ser ikkje teikn til betring, sjølv med dagens reguleringar

Publisert: 20.06.2016 13:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58