Møre Miljøsanering i Sykkylven kjøper Miljøkvalitet og Jarnes Miljøpark saman med dei lokale investorane Emdal Holding og Stranda Anleggsservice.
Det kjem fram i ei pressemelding.
Miljøkvalitet og Jarnes Miljøpark held til ved industriområdet på Jarnes i Sykkylven kommune. Dei har teke i mot og handtert avfall frå private og bedrifter sidan 1996.
– Vi ser eit stort potensiale innan avfall og gjenvinning, og ynskjer å utvikle dette i lag med det lokale næringslivet, uttaler dagleg leiar Espen Høidal i Møre Miljøsanering i meldinga.
Møre Miljøsanering blei etablert i 2013 og har i dag 10 tilsette. Høidal reknar med at det kan bli fleire tilsette framover.
Hovudverksemda til Sykkylven-firmaet har vore riving av større og mindre bygg. No får dei tilgang til ein større del av verdikjeda ved å gå inn i ei bedrift som tek i mot avfall og bidreg til gjenvinning av ulike avfallsfraksjonar, blir det opplyst.
Saman med dei andre investorane, har Møre Miljøsanering ambisjonar om å utvikle den nye eininga til ein sterk aktør. Slik vil dei tilby tenester innan eit breitt felt med riving og sanering og gjenvinning i Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal.
Publisert: 02.05.2025 13:59
Sist oppdatert: 02.05.2025 20:13






