Vil ha fart paa Hafast og Moereaksen
HAFAST: NHO vil ha fart på Hafast-utbygginga frå Hareid til Sula, her representert ved dagleg leiar Kjell Sandli og styreleiar Gunvor Ulstein i Hafast.
Nytt

Vil ha fart på Hafast og Møreaksen

NHO Møre og Romsdal vil ha fortgang i byggingen av Hafast og Møreaksen mellom Ålesund og Molde.

03.09.2015
I tillegg vil NHO Møre og Romsdal ha fart på Halsfjord-sambandet.
- Desse strekningane må få så rask oppstart som muleg. Her ligg nøkkelen til å byggje nye, store kommunar i Møre og Romsdal, fastslår NHO i ei pressemelding torsdag.
NHO ber no om at Stortinget løyver 65 milliardar korner årleg til samferdsle, ein auke på 73 %.
Med ein slik auke vil den samla ramma til Nasjonal transportplan 2018 - 2029 vere på 780 milliardar kroner.
- Forslaget vil gjere det muleg med ei raskare utbygging av dei viktigaste motorvegane på Austlandet, ferjefri E-39 langs Vestlandet, intercity-satsinga rundt Oslofjorden og ei rekke storsatsingar i Trøndelag og Nord-Norge, fastslår NHO sentralt.
NHO meiner satsinga vil gjere det lettare å opprette færre og meir slagkraftige kommunar.

Skrur fylket tettare saman

NHO Møre og Romsdal viser til at satsinga vil føre til reisetida internt i fylket og langs kysten blir kraftig redusert.
- Ved å realisere desse fjordkryssingane vil vi utvide bu- og arbeidsmarknadsregionane og gjere det langt enklare å samhandle mellom byane og distrikta.
- Vi 'skrur' fylket tettare saman, noko heile fylket vil nyte godt av, vert det fastslått.
NHO Møre og Romsdal viser også til at andre viktige prioriteringar er: Rv 70 Tingvoll- Meisingset, E-39 Betna-Stormyra og ikke minst E-136 Romsdalen.
NHO Møre og Romsdal og NHO Sogn og Fjordane har også anbefalt Rv 15 Strynefjellet i sine prioriteringar.
Vi 'skrur' fylket tettare saman, noko heile fylket vil nyte godt av

Publisert: 03.09.2015 14:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46