Rune Kiperberg
HAR KLAGA: Linja-sjef Rune Kiperberg trur nettselskapet til slutt får overta Statnett sitt regionale kraftnett i Romsdal, på Nordmøre, i Trøndelag og Innlandet.
Nytt

Vil ha fleire nettselskap inn i Linja

Linja, det felles nettselskapet til Tussa, Tafjord og Sogn og Fjordane Energi, vil slå seg saman med aktørar i Romsdal og Nordmøre.

13.11.2023

NVE frårådde tidlegare i år at Linja får overta det såkalla regionalnettet i Romsdal, i Trøndelag og Innlandet på Nordmøre frå Statnett.

Statnett og Linja har ein avtale om at Linja kjøper Statnett sitt regionale nett av kraftliner i dette området for 428 millionar kroner.

Men NVE si fråråding blokkerer for ei slik overtaking. Linja har klaga, men NVE står på sitt, og no er klagen sendt over til Olje- og energidepartementet som er klageinstans.

Administrerande direktør Rune Kiperberg i Linja seier selskapet reknar med å få medhald i departementet, slik at Linja kan kjøpe det omstridde kraftnettet frå Statnett.

Vil bli større
Om Kiperberg får rett og Linja får overta nettet frå Statnett, er Linja framleis svolten på meir.

- Vi meiner det er naudsynt å byggje sterkare og meir robuste nettselskap, seier han.

Ambisjonen er at nettselskapa Elinett, Mellom, Sunett og S-Nett også skal bli ein del av Linja. Dette er nettselskapa til høvesvis energiselskapa Istad i Molde, Neas i Kristiansund, Sunndal Energi Holding i Sunndal og Svorka Holding i Surnadal.

- Vi trur at å få dei selskapa inn, i ein fusjonsmodell, det er vegen å gå seier Kiperberg.

Det vil betyr at eigarane i de fire nettselskapa blir medeigarar i Linja, saman med dagens aksjonærar.

Motstand i Romsdal og på Nordmøre
NVE meiner det ikke er "samfunnsmessig rasjonelt av Linja overtar regionalnettanlegg innenfor andre regionalnetteieres områder, da det vil komplisere drift, beredskap, tariffering og tilknytning av nye kunder. I lys av planene om nettforsterkninger i Midt-Norge, og behovet for å koordinere nettutviklingen, mener NVE at det ikke er fornuftig at nok et regionalnettselskap etableres i området.", skreiv NVE i vedtaket Linja har klaga på.

Fleirtalet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i starten av november 2020, at det ikkje vil at Mørenett skal overta Statnett sitt regionnett i Romsdal og på Nordmøre.

I staden bør nettet delast mellom Mørenett og Nordmøre og Romsdal regionalnett, som er eit samarbeid mellom nettselskapa på Nordmøre og i Romsdal, meinte fleirtalet av fylkespolitikarane.

Publisert: 13.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 13.11.2023 00:44

Mer om