Nytt
Vil ha tilsette som bur her
På topp var 25-30 prosent av dei som arbeidde for Peab K. Nordang arbeidspendlarar. No er andelen rundt 10 prosent, og krympar.
26.11.2019
- Vi såg at det ikkje var berekraftig, seier dagleg leiar Kjetil Nordang i byggefirmaet Peab K. Nordang.
For fire år sidan la selskap om rekrutteringspolitikken. No er regelen å rekruttere folk som bur i området. Kva land dei kjem frå spelar inga rolle, men dei må bu her og vere en del av samfunnet her.
I løpet av 2018 og 2019 har han tilsett 38 personar.
Hovudårsaka til omlegginga var vanskar å organiserer arbeidet når ein stor del av arbeidsstokken hadde fri i lenger periodar for å reise heim.
Å rekruttere fastbuande gjer det også lettare å rekruttere lærlingar, i følgje Nordang. Lærlingar skal følgjast opp og då må det vere ein kontinuitet og kultur i bedrifta som lærlingane kan trekkje vekslar på.
At tilgangen på arbeidskraft frå utlandet ikkje lenger er like god har vore ein vekkar for bransjen, meiner han.
- Bedriftene generelt er nok mykje meir vakne no, seier Nordang.
Han peikar og på at betydninga av yrkesfag har fått seg eit godt løft siste åra.
Etter ein topp på 130 lærlingar rett før finanskrisa har talet på lærlingar i byggebransjen ligge stabilt rundt 100.
- 100 er der vi skal ligge, seier Klock.
For fire år sidan la selskap om rekrutteringspolitikken. No er regelen å rekruttere folk som bur i området. Kva land dei kjem frå spelar inga rolle, men dei må bu her og vere en del av samfunnet her.
I løpet av 2018 og 2019 har han tilsett 38 personar.
Hovudårsaka til omlegginga var vanskar å organiserer arbeidet når ein stor del av arbeidsstokken hadde fri i lenger periodar for å reise heim.
Fleire lærlingar
Peab K. Nordang har og auka talet på lærlingar. Av selskapet sine 125 tilsette er ti lærlingar innan tømrar og betongfaget.Å rekruttere fastbuande gjer det også lettare å rekruttere lærlingar, i følgje Nordang. Lærlingar skal følgjast opp og då må det vere ein kontinuitet og kultur i bedrifta som lærlingane kan trekkje vekslar på.
Vekkar
Nordang si vurdering er at det at det har vore lett å rekruttere frå utlandet har gjort at byggebransjen har forsømt seg rekrutteringsarbeidet på heimebane.At tilgangen på arbeidskraft frå utlandet ikkje lenger er like god har vore ein vekkar for bransjen, meiner han.
- Bedriftene generelt er nok mykje meir vakne no, seier Nordang.
Han peikar og på at betydninga av yrkesfag har fått seg eit godt løft siste åra.
100 lærlingar
Dagleg leiar Fredrik Linge Klock i Opplæringskontoret for Bygg- og Anleggsteknikk Møre og Romsdal, seier dei har omlag 100 lærlingar ute. Opplæringskontoret har 100 medlemsbedrifter, og rundt 65 av dei har lærlingar til ei kvar tid.Etter ein topp på 130 lærlingar rett før finanskrisa har talet på lærlingar i byggebransjen ligge stabilt rundt 100.
- 100 er der vi skal ligge, seier Klock.
Publisert: 26.11.2019 08:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45